Hør: Smiler ft. Lana Del Rey

Hør: Smiler ft. Lana Del Rey

Artisten covrar klassikaren «Big Spender» saman med britisk rappar.

Skrevet av:
Publisert 13:57 20 februar, 2012

Det er eigentleg rart at det har tatt så lang tid, men no har du altså moglegheita til å høyra Lana Del Rey kasta seg over ein av dei amerikanske storbandklassikarane. Meir konkret: Shirley Basseys «Big Spender», i samarbeid med den britiske rapparen Smiler.

Høyr «Spender» her:


(Via Gigwise)

Låta er spelt inn i 2010, då Smiler var i studio ved sida av den amerikanske songfuglen. Flaks for han – merksemda kring hans komande mikstape All I Know skaut akkurat i vêret.

Tidlegare denne veka vart Polydor-president Ferdy Unger-Hamilto sitert på at Del Rey allereie har skrive nok låtar til å fylla tre album. Fyrsteplata Born To Die, som du kan lesa Lydverkets anmeldelse av her, har så langt seld meir enn 900 000 eksemplar.

Tags: , , , , ,

Del "Hør: Smiler ft. Lana Del Rey"

Legg igjen en kommentar