Kva vil bli?

Sist vi høyrde noko frå Devendra Banhart var når han fekk seg noko på si gjennom prosjektet Megapuss. Men no har mannen tatt på seg buksa igjen, og er snart (?) plateaktuell med ny soloplate. Devendra Banhart har nyleg har signert kontrakt med plateselskapet Warner, og ei ny plate skal altså vere på veg. Det […]

Skrevet av:
Publisert 23:02 2 august, 2009

devendra452

Sist vi høyrde noko frå Devendra Banhart var når han fekk seg noko på si gjennom prosjektet Megapuss. Men no har mannen tatt på seg buksa igjen, og er snart (?) plateaktuell med ny soloplate.

Devendra Banhart har nyleg har signert kontrakt med plateselskapet Warner, og ei ny plate skal altså vere på veg. Det er foreløbig ikkje så mykje vi veit om denne utgjevinga, men det vi kan slå i bordet med er at coveret ikkje vil bli pryda av ein noko lettkledd Devendra. For coveret er det du ser ovanfor. Hipp hurra.

Kva tid denne plata har tenkt å sjå dagens lys er også noko usikkert, men det vi kan sei pr. dags dato er at den iallefall har fått ein tittel. Ein tittel som føyer seg inn i rekka over litt «trendy» titlar som ikkje berre er A4 og rett fram. Sjå berre her:

What
Will     We
Be

Og dette er låtlista:

01 Can’t Help but Smiling
02 Angelika
03 Baby
04 Goin‘ Back
05 First Song for B
06 Last Song for B
07 Chin Chin & Muck Muck
08 16th & Valencia Roxy Music
09 Rats
10 Maria Leonza
11 Brindo
12 Meet Me at the Lookout
13 Walilamzi
14 Foolin

Tags: , , ,

Del "Kva vil bli?"

Legg igjen en kommentar