Evig lang tittel og crazy låtliste

Mew har brukt mykje tid på sitt kommande album. Om det berre er på innspelinga eller om det har noko med den veeeldig lange tittelen å gjere, det er uvisst.. Men det er som er sikkert er at begge vil sjå dagens lys i august. Når vi seier at plata har fått den lengste tittelen […]

Skrevet av:
Publisert 18:03 16 mai, 2009

Mew har brukt mykje tid på sitt kommande album. Om det berre er på innspelinga eller om det har noko med den veeeldig lange tittelen å gjere, det er uvisst.. Men det er som er sikkert er at begge vil sjå dagens lys i august.

Når vi seier at plata har fått den lengste tittelen underteikna har sett i år, så er ikkje det å ta hardt i heller. For dette er ikkje som namna på nokre av dei forrige platene Mew gav ut. Dei hadde jo forsovidt ganske korte titlar som Frengers og And The Glass Handed Kites. Neida, den nye plata har ein tittel like langt som eit dikt. Les berre her…:

No more stories
Are told today
I’m sorry
They washed away

No more stories
The world is grey
I’m tired
Let’s wash away

Yep, det er tittelen til Mew si lenge etterlengta femte-plate. Kanskje også eit dikt, men først og fremst namnet på plata. Men du kan sikkert kalle den No More Stories… Om du vil då. Eller så kan du ha med deg ein liten hukselapp når du skal i butikken å kjøpe plata 17. august. Som er datoen Skandinavia kan forholde seg til. Hurra!

Og som om tittelen ikkje var rar nok, så er tracklista pimpa opp med den samme fine klovneaktige sommarfuglen som prydar coveret. Dette er altså låtane:

01 New Terrain
02 Introducing Palace Players
03 Beach
04 Repeaterbeater

05 Silas the Magic Car
06 Cartoons and Macramé Wounds
07 A Dream
08 Hawaii
09 Vaccine
10 Tricks of the Trade

11 Sometimes Life Isn’t Easy
12 Reprise

Det blir iallefall interessant å høyre kva dei har komt opp med, etter fire års bearbeidelse av skiva. Og er du spent, så kan du jo kikke litt på kva dei hadde å sei når Lydverket traff bandet i New York.

Tags: , , , , , , , ,

Del "Evig lang tittel og crazy låtliste"
 

2 kommentarer på “Evig lang tittel og crazy låtliste”

  1. Lars sier:

    For ordens skyld, det kommende album vil bli det 5. fra Mew.
    A Triumph for Man og Half The World is watching me ble utgitt kun i Danmark og Skandinavia (hhv) på eget selskap. Begge ble gjenutgitt for et par år siden.

  2. [...] tidlegare nemnt, så er det no berre ca. tre månadar til Mew sitt etterlengta album er å få kjøpt. Plata med [...]

Legg igjen en kommentar