Justin Vernon snakkar nytt prosjekt

Justin Vernon bergtok indiekidsa då han i fjor debuterte med den flotte For Emma, Forever Ago under namnet Bon Iver. Og å ta verden med storm, betyr jo ikkje akkurat siesta eller å kvile på laurbærblad. Heller tvert imot. Etter debuten i fjor og den påfølgande turneen bur Vernon fortsatt eit steinkast unna der han […]

Skrevet av:
Publisert 21:30 7 mai, 2009
Foto: MySpace

Foto: MySpace

Justin Vernon bergtok indiekidsa då han i fjor debuterte med den flotte For Emma, Forever Ago under namnet Bon Iver. Og å ta verden med storm, betyr jo ikkje akkurat siesta eller å kvile på laurbærblad. Heller tvert imot.

Etter debuten i fjor og den påfølgande turneen bur Vernon fortsatt eit steinkast unna der han vaks opp. Og nyleg slutta han seg til sitt gamle jazz band frå ungdomskule-tida, for ein konsert. I tillegg har han også dukka opp som oppvarming for Indigo Girls og bidratt på Dark Was The Night prosjektet. Og ikkje nok med det, no har han også eit samarbeid og kommande album saman med hans eige favorittband Collections of Colonies of Bees på gang. Ein travel mann med andre ord.

Samarbeidet med Wisconsin bandet skal ha starta for tre år sidan, men det var ikkje før i år at dei innsåg at dei hadde ni-ti låtar som nesten var ferdige. Og dermed skal det berre ha utvikla seg til å bli eit musikalsk eksperiment. Men om det er noko som dei kjem til å spele live, det er mr. Vernon usikker på, for det skal vere veldig teksturfylt og landskapaktig. Kva no det skal bety, det må du nesten vente til september for å finne ut. Det er iallefall då Justin sjølv trur plata vert utgitt. Men spennande blir det iallefall!

Fram til då kan du jo sjå denne videoen frå «Dark Was The Night Live»:

[youtube NAuzv3sXhpw]

Og denne:

[youtube 62i9Sodwp5o]

Tags: , , , , , , , , , ,

Del "Justin Vernon snakkar nytt prosjekt"
 

1 kommentar på “Justin Vernon snakkar nytt prosjekt”

  1. [...] da selvfølgelig med på “Monster”, sammen med Rick Ross, Nicki Minaj og Justin Vernon fra Bon Iver. Minaj kan vel sies å knuse konkurransen om det feteste verset, mens Bon Iver innehar premien for [...]

Legg igjen en kommentar