Jónsi med fleire jern i ilden

Jubel og glede!

Skrevet av:
Publisert 13:03 24 mai, 2009
Ein mann med fleire jern i ilden Foto: flickr/ sigur rós og Unicef

Ein mann med fleire jern i ilden Foto: flickr/ sigur rós og Unicef

Du har kanskje fått med deg at duoen Riceboy Sleeps, som består av Sigur Rós-vokalist Jón Þór Birgisson & Alex Somers, slepper si debutplate 20. juli. Men dette er langt ifrå det einaste jernet Jónsi har i ilden.

For om ikkje altfor lenge skal nemleg islendingen i studio for å spele inn eit soloalbum. Iallefall ifølge produceren  Peter Katis, som tidlegare har jobba med Interpol, Tokyo Police Club og The National. Albumet som også får komponisthjelp frå Nico Muhly (Antony and the Johnsons, Grizzly Bear), skal for det meste bli eit akustisk album med nokre stykerarrangementer.

Så om det ikkje kjem noko nytt Sigur Rós album med det første, så er det fordi vokalisten jobbar med eigne saker. Og det er jo ikkje så dumt det heller.

Jubel og glede!

Og i tillegg har Jónsi også remixa Depeche Mode låta «Peace» og «Seoul» av Amiina.

Tags: , , , , , , , , , , ,

Del "Jónsi med fleire jern i ilden"
 

1 kommentar på “Jónsi med fleire jern i ilden”

  1. [...] også gjort eit intervju med gutta. Alt kan du sjå her. Sjølv om vokalist Jónsi for tida er ein travel mann, så har han og resten av Sigur Rós likevel tid til å spele inn nokre låtar for “Live On [...]

Legg igjen en kommentar