«It will probably sound a lot like Sigur Rós»
Har du høyrt på plata Dark Was The Night? Om du har, så har du kanskje lagt merke til låta «Happiness», som på mange måtar kunne vert Sigur Rós. Men det er det ikkje. For det er nemleg Riceboy Sleeps. At låta kan høyres ut som det islandske orkesteret er kanskje ikkje så rart. For […]
Har du høyrt på plata Dark Was The Night? Om du har, så har du kanskje lagt merke til låta «Happiness», som på mange måtar kunne vert Sigur Rós. Men det er det ikkje. For det er nemleg Riceboy Sleeps.
At låta kan høyres ut som det islandske orkesteret er kanskje ikkje så rart. For Riceboy Sleeps består av Jón Þór Birgisson & Alex Somers. Der førstnemnte (også kalt Jónsi) i tillegg har jobben som vokalist i det kjente og kjære Sigur Rós. Så forskjellen er kanskje ikkje så veldig stor likevel.
Riceboy Sleeps er ein duo som tidlegare har gitt ut kunst iform av illustrasjonar og bileter. Men no er dei klar for å sleppe eit nokså instrumentalt debutalbum. Det som ifølge ein pressemelding skal vere det «grønaste» albumet som har blitt laga, har realisedato 20. juli.
Tracklista, den ser slik ut:
01 Happiness
02 Atlas Song
03 Indian Summer
04 Stokkseyri
05 Boy 1904
06 All the Big Trees
07 Daníell in the Sea
08 Howl
09 Sleeping Giant
Og tar du turen innom nettsida til desse to mennene, så kan du sjå videoane til “All The Big Trees” og “Daníell in the Sea”.
Tags: akkustisk, alex somers, dark was the night, Jón Þór Birgisson, jónsi, Parlophone, plateslipp, riceboy sleeps, Sigur Rós