Serena Williams i kamp mot Victoria Azarenka under Madrid Open denne helga. (Foto: NTB Scanpix /AP Photo, Daniel Ochoa de Olza)

Serena Williams i kamp mot Victoria Azarenka under Madrid Open denne helga. (Foto: NTB Scanpix /AP Photo, Daniel Ochoa de Olza)

Høyr Serena Williams rappe!

Tennisesset har teke eit skritt ut av sin vante banehalvdel, og spelt inn opptil fleire raplåtar. Éin av dei får du med deg her.

Skrevet av:
Publisert 9:24 14 mai, 2012

Serena Williams i studio. Foto: TMZ.com

13 grand slam-titlar, to olympiske medaljer og meir premiepengar på kontoen enn nokon anna kvinneleg idrettsutøvar er tydelegvis ikkje nok for Serena Williams. Ifølgje TMZ har den verdskjente tennisspelaren i det siste brukt tid i platestudioet til Bryant McKinnie, amerikansk fotballspelar for Minnesota Vikings, saman med DJ Clue. Resultatet skal vere ei rekke låtar der Willams viser seg fram som rappar – og ein av dei har altså funne vegen ut på nettet.

Høyr låta her!

Ho skal ha for innsatsen. Det er i alle fall vanskeleg å ikkje like linjer som «I win,  I really mean it / swagger out this world, you should call me Venus» – der eventuelle misforståingar vert oppklart med nestelinja «That’s my sister, my name is Serena».

Les også: Topp 5: Tennis

Ein som verkar å ha genuin tru på raptalentet til tennisspelaren, er Compton-rapparen Game. Han skal ha uttalt at Serena har «raw skills» og at han ser for seg at ho kan gjera «big things» i framtida.

Om har får rett eller ikkje, eller om det snart dukkar opp eit samarbeidsprosjekt mellom dei to, vil visa seg. I mellomtida kan me berre håpa at me snart vert servert R&B-hymner av Rafael Nadal.

Tags: , , , ,

Del "Høyr Serena Williams rappe!"
 

3 kommentarer på “Høyr Serena Williams rappe!”

  1. Kurt Hest sier:

    Jeg høyrer ingenting, og linken fører til en side som ikke eksisterer (Error 404: Kunne ikke finne siden).

  2. bo71 sier:

    Jækla sexy dame hvertfall! Kommer ei av samme ulla til meg i sommer for å bli her. Gleder meg noe sinnsykt ass!

  3. Anonym sier:

    Den funka ikke nei.

    Lykke til bo71 – var det tennisspiller du mente med «samme ulla», eller rapper. vilket kjønn er det da snakk om?

Legg igjen en kommentar