Topp 5: Tennis

Topp 5: Tennis

Musikk og sport går som kjent hand i hand. Men kva er dei aller beste tennisinspirerte musikkvideoane?

Skrevet av:
Publisert 16:09 26 september, 2011

Namnet seier vel det aller meste, men i dette nye innslaget på Lydverket sine sider vert det altå rangering for alle pengane. Viktige og mindre viktige delar av musikkverda ventar på å tatt opp til vurdering – og alle har lov til å sei frå om dei er ueinige.

Les også: Filmpolitiets Topp 5!

Dagens liste tek for seg eit knippe av dei beste musikkvideoane med innslag av den vakre sporten tennis. Høvet bør vera openbart for einkvar tennisentusiast: Sjølvaste Serena Williams fyller i dag 30 år. Så hurra for ho, og hurra for alle dei flotte musikkvideoane denne sporten har avla. Her er fem av dei aller beste:

5. Shakira – «Gypsy»

Denne videoen får sjølvsagt trekk for at det ikkje er nokon som faktisk speler tennis i den. På den andre sida er det vanskeleg å ikkje gje plusspoeng for at verdas nest beste tennisspelar, Rafael Nadal, er med som den Shakiras oljeglinsande videoflørt.

Å spela inn video med den columbianske skjønnheten inneber tydelegvis ein viss risiko. Som ho sjølv seier: «I might steal you clothes and wear them if they fit me». Heldigvis verkar det ikkje som ho gjer heilt alvor av trusselen. Nadal får riktignok ikkje behalda skjorta si så lenge, men Shakira sjølv vert ikkje desto meir påkledd.

4. Planet Funk – «Lemonade»

Alt er lov i krig, tennis og kjærleik – ikkje minst skittent spel. Ein liten dose av dette gjer seg også gjeldande i italienarane i Planet Funk sin video til «Lemonade». Den er akkurat passe preppy, noko som sjølvsagt betyr mykje når det er snakk om tennis.

3. Martin Solveig & Dragonette – «Hello»

To DJar i kamp om æra og lovord – på tennisbana. Bob Sinclair har fullstendig overtaket på Martin Solveig i sistnemndes video til den ganske populære «Hello», men ingenting er avgjort før siste matchball er spelt. Som tennisvideo scorar denne høgt på alle punkt: Spel, dramatikk, 80-talsestetikk og kjende tennisfjes.

Videoen er nemleg spelt inn under French Open-turneringa i 2010, og har utnytta tilgjengelege ressursar godt; verdas aller beste tennispelar, Novak Djokovic, dukkar opp i akkurat rett augeblikk, medan Gaël Mofils er litt meir uheldig med timinga. Kjenner du att fleire?

2. The Decemberists – Calamity Song

Regissør Michael Schur legg ikkje skjul på at det meste av inspirasjonen til videoen til The Decemberists’ «Calamity Song» kjem frå David Foster Wallace sin dystopiske roman «Infinite Jest». Heldigvis for oss vil det også sei ein del tennis.

Her tøyer me riktignok definisjonen av tennis ein smule – i Wallaces verden heiter det Echaton, og er eit datastyrt, kjernefysisk krigsspel. Men uansett: flott video, med eit spel som er tydeleg inspirert av tennis.

1. Vampire Weekend – «Giving Up The Gun»

Martin Solveig må likevel sjå seg slått av Vampire Weekend og deiras «Giving Up The Gun». Kjendis-line-upen i denne videoen kan kanskje ikkje konkurrera med Nadal eller Djukovic på bana, men Joe Jonas, RZA, Lil Jon og Jake Gyllenhaal verkar likevel som ein vel så artig gjeng å slå ut håret med etter kampen.

Som ein av dei beste videoane frå fjoråret (i open klasse), er denne juvelen sjølvskriven på toppen av dagens liste.

Neste veke: Badminton! Eller noko heilt anna. Kom gjerne med ikkje-sportsrelaterte forslag under!

Tags: , , , , , , , , , , ,

Del "Topp 5: Tennis"
 

5 kommentarer på “Topp 5: Tennis”

  1. Kåre and the Cavemen – Satans Little Helper burde vert nevnt spør du meg. Er antageligvis ikke helt objektiv siden jeg er en stor fan av bandet. De andre musikkvideoene er kanskje bedre, men en fantastisk sang er det.

  2. Kåre and the Cavemen – Satans Little Helper burde vert nevnt spør du meg. Er antageligvis ikke helt objektiv siden jeg er en stor fan av bandet. De andre musikkvideoene er kanskje bedre, men en fantastisk sang er det.

  3. Mulciber sier:

    EHHHHHH, hvor er Red hot chilli peppers?

  4. Martin Urnes sier:

    Martin Solveig – Hello er jo perfekt

Legg igjen en kommentar