Team Me live på Lydverkets innspeling på Internasjonalen. Foto: Rashid Akrim, NRK P3

Team Me live på Lydverkets innspeling på Internasjonalen. Foto: Rashid Akrim, NRK P3

- Heilt surrealistisk

Team Me reiser heim frå sin fyrste Spellemannutdeling med prisen for beste popgruppe i bagasjen.

Skrevet av:
Publisert 22:03 14 januar, 2012

- Wow, har me fått den her?

Det var nokre litt forfjamsa vinnarar som gjekk opp på scena på Folketeateret for å ta i mot prisen for årets popgruppe. Elverumsbandet Team Me ga i fjor haust ut sitt debutalbum To The Treetops!, som vart rost opp i skyene i både norsk og utanlandsk presse.

- Dette var heilt uventa. Eg er veldig stolt over å vinna i pop-kategorien. Den har liksom vore litt uglesett, men pop er musikken eg har vakse opp med. Om me kan få vera med på å definera norsk pop i Noreg, er det fantastisk, seier Marius Drogsås Hagen.

Les også: Jarle Bernhoft er Årets spellemann 

Hagen starta Team Me som éinmannsprosjekt (herav namnet), og gjorde seg bemerka i NRK Urørt med låta «Fool». Før kveldens Spellemann var det no utvida bandet på vitjing på Eurosonic-festivalen i Nederland, og i går vart dei nominert til årets Statoil-stipend. Ei god veke, må me altså slå fast.

Les også: Jonas Alaska er Årets nykommer

Bandet er elles godt nøgde med at kompisen Jonas Alaska stakk av med prisen for Årets nykommar – ein kategori dei også var nominert i. Alaska røpte på førehand at Team Me var dei han heia mest på før kveldens utdeling, så nærare full utteljing kjem ein vel knapt.

Tags: , ,

Del "- Heilt surrealistisk"
 

2 kommentarer på “- Heilt surrealistisk”

  1. Anonym sier:

    Fortjent! Fantastisk band!

  2. Anonym sier:

    Hmm, jeg synes egentlig at radiohiten til Team me, «Show Me», høres ut som en litt modifisert versjon av Mew sin «Am I Wry? No», selv om den er fin. Er det bare meg?

Legg igjen en kommentar