Hør: The-Dream

Hør: The-Dream

Første spor frå The Love IV?

Skrevet av:
Publisert 9:31 5 januar, 2012

Terius Nash, også kjend som The-Dream, er snart klar med sitt fjerde offisielle album. The Love IV: Diary Of A Madman vart i utgangspunktet utsett for å gje plass til gratisalbumet 1977 – som du kan lesa Lydverkets anmeldelse av her – men har no fått internasjonal sleppdato 20. mars.

Det som kan vera fyrste spor frå denne plata ligg for tida ute på artisten sine heimesiderfinn ut kva du syns her!

Nash, som i tillegg til si eiga solokarriere har gjort det skarpt som låtskrivar, vart tidlegare denne veka sitert på at han tjente kring 15 millonar dollar på å skriva teksten til Rihannas «Umbrella». Krava han stilte for å medverka på Justin Biebers superhit «Baby» skal ha vore hakket meir avmålte: eit hotellrom på Plaza.

Tags: , , , ,

Del "Hør: The-Dream"

Legg igjen en kommentar