Hør: Lupe Fiasco

Hør: Lupe Fiasco

Rapparen samplar M83, Ellie Goulding og Justice på ny mikstape. Last den ned gratis her!

Skrevet av:
Publisert 11:38 28 november, 2011

2011 har ikkje vore det aller beste året for Chicago-rapparen Lupe Fiasco. Ein lengre periode med misnøye med plateselskapet Atlantic kulminerte i vår med det noko uengasjerande albumet Lasers, som aldri vart eit hjarteborn for verken anmeldarar eller artisten sjølv.

Les Lydverkets anmeldelse: En varslet nedtur

Kryptisk cover-art til Friend Of The People.

Men med dette som tilbakelagt stadium, er Lupe no igang med arbeidet med opp følgaren Lupe Fiasco’s Food & Liquor II:The Great American Rap Album. Som oppvarming la han før helga ut den lenge utsette mikstapen Friend Of The People til gratis nedlasting. Prosjektet vart fyrst annonsert for to år sidan, men betre seint enn aldri.

Last ned Friend Of The People her!

Blant dei tolv spora finn ein samplingar av mellom anna M83 (høyr omarbeidinga av deira «Midnight City» under), Ellie Goulding og Justice.

«The End Of The World»:

Tags: , , , , ,

Del "Hør: Lupe Fiasco"
 

1 kommentar på “Hør: Lupe Fiasco”

  1. Patrick Larsen sier:

    Linken fungerer ikke, Mixtapen finner du her. http://www.datpiff.com/Lupe-Fiasco-Friend-Of-The-People-I-Fight-Evil-mixtape.287406.html

Legg igjen en kommentar