Freddie Gibbs på Hove 2011. Foto: Kim Erlandsen, NRK P3.

Freddie Gibbs på Hove 2011. Foto: Kim Erlandsen, NRK P3.

Hør: Freddie Gibbs

Gangstarapparen har lagt ut mikstapen Cold Days In Hell til nedlasting. Få den med deg her!

Skrevet av:
Publisert 10:05 1 november, 2011

Stadige samanlikningar med 2Pac er ei tung bør å bæra for einkvar hip hop-artist, men  Freddie Gibbs ser ikkje ut til å la det plaga seg nemneverdig. 29-åringen frå Indiana har med eit fint knippe mikstapes og EPar vist seg fram som ein teknisk dyktig rappar av den gamle skulen, med ein forkjærleik for gata og djup skepsis til mykje anna.

No er Gibbs ute med mikstapen Cold Day In Hell, til glede for gamle og nye fans, vil me tru. Last den ned her, eller rett og slett her:


(Via SKoA)

Gibbs er òg i gang med albumet Baby-Face Killa – det kjem ut til neste år.

I sommar spelte han for ei langt frå fullstappa Amfiscene på Hovefestivalen, og Lydverkets anmeldar Andreas Øverland var langt på veg nøgd med innsatsen:

«For riktignok leverer Gibbs forholdsvis stereotyp rap, men han viser seg å være langt fra en stereotypisk rap-act av den grunn.  Ikke bare er vår mann fra Gary tight så det holder live rent musikalsk – han jobber også for føden.»

Les anmeldelsen: Med en fot i grava

Også Lydverkets utsendte på årets SXSW, Ruben Gran, passa på å få med seg Gibbs’ gig på Austin-festivalen. Hans rapport finn du her.

Tags: , , , , ,

Del "Hør: Freddie Gibbs"
 

2 kommentarer på “Hør: Freddie Gibbs”

  1. [...] skulen, med ein forkjærleik for gata og djup skepsis til mykje anna” da hun la ut miksteipen Cold Days In Hell. Freddie Gibbs. (Foto: NRK [...]

Legg igjen en kommentar