Hør: Earl Sweatshirt

Hør: Earl Sweatshirt

Er Odd Futures tapte son endeleg tilbake? Vel, ein ny låt ligg i alle fall ute.

Skrevet av:
Publisert 8:43 9 februar, 2012

Hypen kring OFWGKTA har kanskje begynt å roa seg, men «Free Earl»-ropa har framleis ikkje stilna. Det bortkomne medlemmet Earl Sweatshirt, med døypenamn Thebe Kgositsile, har i fleire månader befunne seg på ein forbetringsanstalt for ungdommar med, ehm, forbetringspotensial på øya Samoa i Stillehavet.

No viser den unge LA-rapparen teikn til å vera tilbake. Nyleg lanserta han nemleg ein ny Twitter-konto, der fyrste melding rett og slett las «Home.» Den vart fulgt opp av følgjande beskjed:

Og berre for å understreka:

Det tok, ikkje overraskande, ikkje lang tid før målet var nådd, og låta «Home» vart lagt ut på Earl si heimeside terttlefer.

Høyr «Home» her!

Om dette faktisk er eit teikn på at Earl Sweatshirt er tilbake, eller om det heile er nok eit stunt regissert av dei andre Odd Future-medlemmane, er framleis uklart.  Seinast i november i fjor lurte Tyler, The Creator media til å tru at gjenforeininga var eit faktum, før han etter nokre timar avslørte spøken. På den andre sida er det den siste tida versert fleire rykter om rapparens snarlege tilbakekomst – og denne månaden fyller han 18 år.

Oppdatert: Tolk desse Twitter-meldingane frå Tyler slik du vil (via P&P):

20. mars kjem for øvrig Odd Future Tape Vol. 2 ut på Odd Future Records.

Tags: , , , , , ,

Del "Hør: Earl Sweatshirt"
 

1 kommentar på “Hør: Earl Sweatshirt”

  1. [...] Les også: Hør: Earl Sweatshirt [...]

Legg igjen en kommentar