Earl Sweatshirt i sitt første radiointervju. Foto: Screenshot/YouTube

Earl Sweatshirt i sitt første radiointervju. Foto: Screenshot/YouTube

- Eg fucka det til

Problembarnet Earl Sweatshirt snakkar for fyrste gong om kvifor han vart sendt vekk, og korleis det er å vera tilbake i rampelyset med OFWGKTA.

Skrevet av:
Publisert 6:00 22 mars, 2012

Det har vore ei travel veke for OFWGKTA-gjengen, som denne veka slapp albumet OF Tape Vol. 2. Ikkje minst har det gått slag i slag for deira inntil nyleg bortkomne medlem Earl Sweatshirt, som etter eit lengre opphald på eit forbetringsanstalt på Samoa, no er tilbake i armane til hiphop-kollektivet han var med på å starta.

Les også: Hør: Earl Sweatshirt

I eit radiointervju med Peter Rosenberg på Hot 97 tidlegare denne veka, snakka Earl om korleis det har vore å vere utestengt frå suksessen resten av Odd Future har opplevd det siste året. Han framstår riktignok ikkje overvettes komfortabel med heile intervjusituasjonen (og Tyler, The Creators opptreden frå sidelinja gjer ikkje saken så mykje enklare), men det er likevel interessant å for fyrste gong frå hovudpersonens eige perspektiv på det heile.

I intervjuet seier han mellom anna at han var klar over oppstyret forsvinningsnummeret hans forårsaka. Han innrømmer å ha vore forbanna på situasjonen i starten, men forsto òg at berømmelsen OFWGKTA etter kvart oppnådde hadde sine baksider.

- Eg prøvde å skata i det gamle kvartalet vårt her om dagen, men det går faen ikkje lenger. Nokon kjem heile tida opp og spør: «Øøh, kan eg ta bilde? Autograf?»

I tida då Earl var vekke, gjekk det stundom hardt ut over mor hans, som i stor grad fekk skulda for å ha trekt son sin ut av rampelyset like før han slo igjennom. Overfor Rosenberg prøver han å nyansera biletet ein smule, og forklarar – ved hjelp av eit temmeleg uoversetteleg sitat – at det var meir enn éin grunn til at han vart sendt av garde:

- Motherfuckers think that my mom heard a song and was like, No, I’m not fucking with this song. I was fucking up. Outside of music, music aside from everything, I was fucking up.

Sjå heile intervjuet her:

(Via SKoA)

På kvelden same dag som dette intervjuet vart gjort, gjekk heile Odd Future på scena i Hammersmith Ballroom i New York – Earl Sweatshirt inkludert. Korleis det gjekk for seg kan du ta ein nærare titt på her.

Og om du ikkje har fått den med deg endå: Videoen til «Oldie», avslutningssporet til OF Tape Vol. 2. Den vart spelt inn etter ein fotoseanse med Terry Richardson (som i og for seg er eit bra bilete på korleis situasjonen har endra seg for denne gjengen sidan dei fyrst slo gjennom), og inneheld mellom anna ein rappande Frank Ocean og gullkornet «I don´t know my verse» frå Jasper Dolphin.

«Oldie»:

 

Tags: , , ,

Del "- Eg fucka det til"
 

2 kommentarer på “- Eg fucka det til”

  1. [...] Les: Earl Sweatshirt tilbake i OFWGKTA [...]

Legg igjen en kommentar