Fredagens musikkvideoar

Fredagens musikkvideoar

Frå Florence and The Machine til Soulja Boy: Eit knippe videoar som gjer deg ein bra start på helga.

Skrevet av:
Publisert 15:03 22 oktober, 2010

Musikkvideoen  til «Heavy In Your Arms» av Florence and The Machine er ingen actionfylt sak, men pen og passe creepy. Låta er skrive spesielt for den siste Twilight-filmen, og i videoen vert teksten tolka nokså bokstavleg: Ei kvitkledd Florence verkar unekteleg ganske tung (eller er ho død?) der ho blir bært rundt av ein svartkledd ukjent.

Ut frå Florence and The Machine sine rekker stig Isabella Summers – keyboardist, medprodusent- og låtskrivar i The Machine, og eine halvdelen av Ivan Ink ‘N’ Isa. Saman med Ivan Ink (frå Ivan Ink + Pen) har ho gitt ut EP, og musikkvideoen til «Standing on a Hill» er ein fornøyeleg, animert sak:

Fram med brillene – siste video frå Kelis er i 3D.  «Scream» er henta frå årets Flesh Tones, og produsert av David Guetta. Det ristar i puppar og kjetting, og om du ikkje har eit par raudgrøne briller er det eigentleg ganske slitslomt. Kult eller desperat? Døm sjølv.

Nok ein Guetta-disippel: Førstesingelen frå Chris Brown sitt komande album F.A.M.E er produsert av samme mann. «Yeah 3x» er ein nokså snill affære, med masse kids og dansing i gatene. Kanskje det var nokon som trengte imageendring?

Ein alternativ video til The Nationals «Terrible Love» frå plata High Violet er ute, med Tom Berninger, bror til frontfigur Matt Berninger, i regissørstolen. Me følg med bandet på turné, med påfølgande live-opptrednar, bowling og møte med fans. Gutane, som spelte  i Operaen under Øyafestivalen, gjer god figur, og videoen har jamnt over gode vibbar.

Les vår anmeldelse av High Violet her!

LA-bandet Warpaint lagar drømmande og smått psykedelisk musikk, og musikkvideoen til «Undertow», henta frå debutplata The Fool som kjem neste veke, matchar utmerka:

Soulja Boy vart kåra til verda 70. kulaste artist denne veka, og singelen «Blow Me Kisses» er fyrste smak på The DeAndre Way som kjem ut 16. november:

Er britisk folkstjerne verdas kulaste? Les om NME si kåring her.

Også Best Coast er blant dei påstått kulaste, og med musikkvideoen til «Boyfriend» forsvarar ho æra. Bryllup i hagen + solskinn + fin sang= veldig søt video.

Litt Halloween-inspirasjon på tampen: Kate Nash er full av gode tips i videoen til «Later on».

Tags: , , , , , , , , , , ,

Del "Fredagens musikkvideoar"
 

1 kommentar på “Fredagens musikkvideoar”

  1. SKREKKMERKER sier:

    På tide at dere gjør en sak på Kanye Wests nye video kanskje? Eller så kan dere bare copy/paste min sak fra skrekkmerker.blogspot.com

Legg igjen en kommentar