Sondre Lerche. Foto: Tom Øverlie, NRK P3

Sondre Lerche. Foto: Tom Øverlie, NRK P3

Sondre Lerche - Sondre Lerche

Frå veslevaksen til vaksen

Sondre Lerche har funne fram til seg sjølv, og gitt ut sitt beste album til no.

Skrevet av:
Publisert 13:48 6 juni, 2011

«Gutteaktig sjarm» er vel eitt av uttrykka som har blitt brukt éin gong for mykje i samband med Sondre Lerche. Ein kjem likevel liksom ikkje unna kor slentrande naive stega han har teke sidan debuten Faces Down for ti år sidan, same kor mange musikalske omvegar han har lagt ut på. Men sjølv om utsjånaden framleis ikkje røper at han er langt over konfirmasjonsalder: Sondre Lerche har faktisk blitt eldre.

Lerches sjette soloalbum er sjølvtitulert, og det kan på mange måtar verka som artisten no har funne fram til den forma han alltid har streba etter. Sondre Lerche er umiskjenneleg Sondre Lerche, men noko har skjedd – som om fugene som held det heile saman har blitt sterkare. Melodiane står stødigare på eigne bein, tekstane gjer tydelegare meining, og arrangementa kjem meir til sin rett. Det kan rett og slett sjå ut som om Lerche har gitt ut sitt beste album til no.

«To divert my mind, I try to make another love song rhyme / But it’s harder than it seems, to describe what I just dream,» syng Lerche på «Coliseum Town». For medan låtane på debutplata Faces Down liksom trilla ut frå artisten, har han seinare ikkje lagt skjul på tankeverksemda som ligg bak. På Sondre Lerche har han fått løn for strevet, og balansen mellom det uanstrengte og det gjennomtenkte er no på plass. Både «Private Caller», «Red Flags» og «Living Dangerously» er fint justerte poplåtar, der både det sobert innretta bandet og Lerches stemme kjem til si rett, medan «Tied Up To The Tide» er ein lat sommardag av ein låt, der angen av 1960-talet breier seg.

Albumet framhevar dei beste sidene ved artisten Sondre Lerche: Handverket bak låtane er mest usynleg, slik at ein istaden for å kikka på stillaset kan gleda seg over den flotte fasaden. Tekstane er underfundige, utan å vera irrriterande. Og det melodiske er halde enkelt, utan å bli banalt.

Sondre Lerche er ikkje eit album fullt av skarpe kantar, ei heller er det ei samling knallsterke singlar. Derimot har Lerche makta å setta saman eit heilheitleg album, fylt av låtar som fortener å bli lytta til på deira eigne premissar. Han pløyer kanskje ikkje ubrutt mark, men ingen kan vera i tvil om at mannen er flink til å så.

Maria Horvei

Tags: , , , , , , ,

Del "Frå veslevaksen til vaksen"
 

5 kommentarer på “Frå veslevaksen til vaksen”

  1. Me Inc. sier:

    Sondre Lerche spiser små rosa såpebobler hver morgen og fiser ut noen bittesmå lyse jentefjerter som han kaller musikk

  2. [...] NRK Lydverket – terningkast 5 – “Lerche har gitt ut sitt beste album til no.&#8221… [...]

  3. [...] Les anmeldelsen av Sondre Lerches selvtitulerte album her! [...]

  4. [...] mot å være farlig komfortabelt, men hele innpakningen føles likevel en hel del friskere, noe som imponerte vår anmelder. Nå har endelig det OK Computer-aktige albumhøydepunktet “Domino” fått en video, [...]

Legg igjen en kommentar