- Eit av dei verste augeblikka i mitt presidentskap
George W. Bush likte ikkje å bli kalt rasist av Kanye West. Me ventar i spenning på dissevideoen.
George W. Bush skildrar det å skulda for å vera rasist som noko av det verste han opplevde i sitt presidentskap. Det var Kanye West som kom med skuldingane under ein innsamlingsaksjon for ofra etter orkanen i New Orleans i 2005, då han sa at «George Bush doesn’t care about black people». Sjå klipp av episoden her:
Den tidlegare presidenten er tilbake i rampelyset for å promotera si nye bok Desicon Point. I eit intervju med NBC seier han at Kanye West sine utsegn var eit «avskylig augeblikk», eitt av dei verste i hans presidentkarriere. Reportaren påpeiker at ein kanskje skulle trudd at orkanen i seg sjølv var verre å takla, men Bush held fast på at rasistimplikasjonane står for eit absolutt lågpunkt for han som president.
Kanye West valde å ta tyren ved horna då han høyrde om Bush sine utsegn, og ringte sporendeks til ein radiostasjon for å forklara at han godt kan «skjønna kva Bush føler.» Kanye har nemleg sjølv opplevd rasistskuldingar på kroppen, etter at han kuppa takketalen hennar under MTV Video Music Awards i 2009. Og han meiner mangel på medkjensle, ikkje rasisme, var årsaken til at både han og Bush dumma seg ut.
[...] Det tok ikke lang tid før Wests plasskrevende ego begynte å gjøre seg gjeldende i det offentlige rom. Enhver som har fulgt bloggen eller twitter-sida hans de siste årene kan bekrefte at det ikke finnes den ting i verden Kanye ikke har en mening om, eller føler bør kringkastes til verden. Gang på gang har det skapt skandaler, som da han under en TV-innsamlingsaksjon for Katrina-flomofrene i 2005 uttalte at “George Bush bryr seg ikke om svarte”. [...]