Machine Birds - Victoria Nasjonale Jazzscene, by:Larm 2012
Ein forsiktig flygetur
Machine Birds er vakkert, så vakkert – men ikkje heilt fengslande.
Var du blant dei som vart lokka inn i Machine Birds’ svale popunivers av den uanminneleg vakre «One More Try» under fjorårets Urørtfinale? Dei to jentene har generert begeistra kviskring også under dette årets by:Larm-helg, og sto i kveld på Victoria Nasjonal Jazzscene under banneren «Bugge Wesseltoft presenterer».
Det er utvilsamt ei svært takksam ramme for duoens synth- og loopdrevne lydbilete. Det låter tidvis imponerande fyldeg, med ein dynamikk vekslande mellom det heilt nakne og neddempa, og det kraftfulle og eklektiske. Evna til å skapa melodiar som med armar og bein klamrar seg kring hjarterota, er Machine Birds største styrke, og er med på å sementere nokre av konsertens aller vakraste augeblikk.
Ei viss stillstand midtvegs i settet, kombinert med ein ikkje alltid glassklår intonasjon av vokalen, dreg diverre heilskapsinntrykket ned mot det meir ordinære. Ein EP er ifølgje ryktene på veg, og du bør absolutt gle deg. Kanskje kjem også den vetle dråpen av magi til falle ned på livsettet i løpet av våren.
Maria Horvei
Tags: anmeldelse, by:larm 2012, machine birds
[...] Les anmeldelsen: Ein forsiktig flygetur [...]
[...] Machine BirdsElectronica LyttOne%20last%20tryMachine%20BirdsLegg til spilleliste Les også: Machine Birds på By:Larm Vinn billetter til Flaming Lips Vinn billetter til Getatchew Mekuria & The Ex & Guests [...]