OFWGKTA på Hovefestivalen 2011. (Foto: Tom Øverlie, NRK P3)

OFWGKTA på Hovefestivalen 2011. (Foto: Tom Øverlie, NRK P3)

Ein dag i livet til…

…OFWGKTA! Sjå minidokumentaren her.

Skrevet av:
Publisert 10:41 1 september, 2011

Lite kan vel seiast om hip hop-kollektivet Odd Future Wolf Gang Kill Them All som ikkje allereie er sagt. A Day In Ladera: OFWGKTA kjem neppe til å revolusjonera ditt syn på Tyler, The Creator og resten av gjengen, men den knapt ti minutt lange dokumentaren er likevel eit ganske morsomt blikk inn i kvardagen deira i heimstaden Ladera, California.

Alt materiale vart filma av Ryan Rigsby i løpet av éin dag sommaren 2010, før sirkuset rundt OFWGKTA for alvor tok til.

Då gruppa var innom Sørlandet tidlegare i sommar, for å spela på Hovefestivalen, gjorde dei ein grei jobb med å imponera publikum, og ikkje minst Lydverkets anmeldar Andreas Øverland. Han skreiv mellom anna:

«Et fullstappet amfi som kunne hvert eneste ord av Tylers Yonkers er imponerende nok. Å se det hjemmelagde banneret med ”Fuck you Tyler, get well soon” som gutta henger opp på scenen eller de to circle pit’ene som oppstår (på en rapkonsert, tross alt) er noe jeg ikke har sett maken til noen gang.»

Les heile anmeldelsen her: Lysende framtid

Tyler, The Creator vann i helga prisen for beste nye artist under MTVs Video Music Awards, for den sjølvregisserte videoen til «Yonkers». Både han og mor hans vart veldig glade, og Selena Gomez satte ny rekord i å koma seg kjapt vekk frå scena.

Tags: , , , ,

Del "Ein dag i livet til…"

Legg igjen en kommentar