Du vakre bedrag

Du vakre bedrag

Lana Del Rey gjer sitt beste for å retusjera fortida si. Bør det plaga oss?

Skrevet av:
Publisert 16:01 22 september, 2011

Når Lydverkets sesongopning kjem på TV i kveld, er det eitt innslag som ikkje vart heilt som det var tenkt: Lydverket elsker. Årsaken er dette: Eg hadde sjølv plukka ut Lana Del Rey, 24-år gamal singer/songwriter frå New York, som i løpet av sommaren har blitt ein av dei mest omtalte framstormande artistane på den andre sida av Atlanteren. Diverre fann me i siste minutt ut av at ingen av videoane hennar var klarert for visning på fjernsynsskjermen, og det var ikkje noko anna å gjera enn å skrinlegga det heile.

Men TV-klarering eller ikkje: Eg elskar Lana Del Rey. «Video Games», låta som kickstarta det heile, er ein ubeskriveleg vakker kjærleikssong, sår og slepande i all sin tristesse. «Blue Jeans», som utgjer B-sida av den komande singelen, er nesten like sterk. Lana Del Rey vinn ikkje nødvendigvis sjela mi med trutmunnen sin, men estetikken hennar, ei dekadent blanding av 1960-talets sexsymbol, old school glamour og ein dose Quentin Tarantino, er definitivt tiltalande.

Det er med andre ord ikkje rart at Lana Del Rey, eller Lizzy Grant, som ho eigentleg heiter, har blitt eit heitt tema blant nettets mange musikksider-, bloggar- og magasin. Ho er ung, vakker og leverer nydelege låtar, som ho attpåtil har skrive sjølv. Det som ein derimot kan setta spørsmålsteikn ved, er at «Video Games/Blue Jeans» gjerne vert omtalt som debutsingelen hennar. Eller kanskje ikkje underleg er det rett ordet -  det er trass alt det plateselskapet hennar omtalar den som, og mest sannsynleg vert albumet som kjem ut neste år til å bli marknadsført som debutalbumet hennar.

Men dei fleste som har googla Lana Del Rey eit par gongar, veit at ho allereie har spelt inn eit album, og det så seint som i 2010. Det vart produsert av David Kahne, ein tungvektar i den amerikanske platebransjen, som tidlegare har jobba med namn som Paul McCartney og The Strokes, i tillegg til å ha vore visepresident for A&R/Columbia Records og Warner Bros. Records.

Dette albumet er no fjerna. Nokon spor heng sjølvsagt att på Internetts seige golv, men plateselskapet har trekt det tilbake frå iTunes og alle andre kanalar dei har kontroll over.

Då artisten sjølv skulle kommentera det forsvunne albumet i eit intervju med Pitchfork, sa ho at ho helst ser at folk fokuserer på den nye musikken hennar no. Ikkje alle er villig til å slå seg til ro med den forklaringa, og nokon, som bloggen We Listen For You, ser heller for seg noko slikt: Det fyrste albumet var ein flopp som ikkje traff målgruppa, og plateselskapet smidde difor ein heilt ny plan for å lansera ho for eit kredkritisk publikum.

Sentralt i denne planen, vil kyniske røster hevda, var å framstilla Lana Del Rey som ein indieartist som kom ut av det blå, heller enn ein artist med eit større plateselskap i ryggen som allereie har gitt ut eitt album, utan særleg suksess. Eit perfekt objekt for smaksdommarane i verdas største musikkbloggar, med andre ord. Samanliknar ein av bilete av Lizzy Grant slik ho såg ut i starten av 2010, og bilete av dagens Lana Del Rey, har ein òg eit visst grunnlag for å påstå at ein plastiske operasjon eller to er blitt utført.

I korte trekk: Lizzy Grant vart gitt ein indie-make-over for å framstå som ein ny, og tilfeldigvis ekstremt pen, singer/songwriter-skatt.

Dette har ikkje uventa utløyst ein god del murring i bloggosfæren. At artistar i større eller mindre grad er eit produkt av sitt eige PR-apparat er inga løyndom, men terskelen for å godta dette er jamt over høgare når det kjem til sjangrar der det å væra oppriktig står heilt sentralt. Med andre ord: Omtrent alt utanom kommersiell pop. Ingen bryr seg om at Lady Gaga ikkje vart fødd med horn i panna, sjølv om ho påstår det sjølv, eller om Katy Perrys naturlege hårfarge ikkje eigentleg er blå. At ein ung og talentfull indieartist prøver å dekka over dei mektige kreftene ho har i ryggen, er vanskelegare å svelga.

Spørsmålet er om det eigentleg er så viktig. Mange vil påstå at det slett ikkje er det, at det trass alt er musikken som er betyr noko. Og «Video Games» er jo ein sabla fin låt, leppeinjeksjon eller ikkje. Så lenge musikken er bra, bør me ikkje tåla å bli manipulert ørlite grann?

Tja, det er vel ingen grunn til at ein skal synast at det er eit spesielt sympatisk prosjekt. Men sjølv om ein gjerne stiller strengare krav til autentisitet blant til dømes indie- og hip hop-artistar, betyr det ikkje at Lana Del Rey på nokon måte er eit unikt døme. Bob Dylan brukte i si tid mykje energi å skjula sin jødiske middelklassebakgrunn, og erstatta den med eit omstreifande fattigmannsliv. Side opp og side ned er skrive om rapparar som ikkje har seld eit einaste gram hasj i heile sitt liv, men som likevel framstiller seg sjølv som gatas mest hardbarka søner. Dette gjer dei sjølvsagt fordi dei veit publikum bryr seg om meir enn berre musikken – dei bryr seg om alt.

Men når det er sagt: Om musikken faktisk er bra, har ein ikkje mange objektivt gode argument til å avskriva ein artist som vert tatt i å pynta på ei sanning eller to.

I tilfellet Lana Del Rey, må det likevel seiast at å prøva å dyssa ned eit heilt debutalbum verkar nokså tåpeleg. Det vert litt som dei jentene som opererar inn jomfruhinna på nytt; greitt nok at sexen ikkje sende deg til himmelen fyrste gong, men kvifor gå gjennom alt dette stresset for å lata som det aldri skjedde?

Tags: , , ,

Del "Du vakre bedrag"
 

6 kommentarer på “Du vakre bedrag”

  1. Jimmi sier:

    Pantera vil gjerne dysse ned de tre første platene sine. Judas Priest er ikke så interessert i å snakke om rocka rolla heller. Kanskje det er illusjonen om den «ekte» indieartisten som slår sprekker. Du får ingen plass i rampelyset hvis du ikke selger pompen din bitte litte grann i ny og ne. De ekte indieartistene sitter hjemme på gutte/jente/kjeller-rommet. Og der blir de, syngende på serenader for den ukjente soldat.

  2. Gutten sier:

    Selvfølgelig er det musikken som er viktigst. Det er selvfølgelig patetisk å fremstå som noe helt annet enn man er når man samtidig krever å bli trodd på at man er oppriktig.
    Men for å si det enkelt, er det sånn at man liker musikken fordi man trodde på historien bak vil dette bety mye. Om man hører på musikken fordi oppmerksomheten ble vekket av historien bak og man liker den burde det ikke bety noe som helst.
    Det er de overfladiske som lar seg bedra som kan klage nå, men da avslører de samtidig seg selv…

  3. Klaas Snoek sier:

    Dette virker på meg å være en veldig konstruert problemstilling.

    Plateselskapet har jo helt rett. Det ER debutsingelen til Lana Del Rey.
    Det kommende albumet hennes vil også være Lana Del Reys debutalbum.

    Samtidig vil derimot privatpersonen Lizzy Grant vil ha gitt ut sitt andre album.
    På samme måte som «Wild Life» var albumdebuten til Wings, men ikke albumdebuten til Paul McCartney, ettersom han allerede hadde gitt ut en bråte album under navnet The Beatles

    Man må rett og slett skille mellom artist/prosjektnavn og privatperson.

    Lizzy Grant har altså startet et nytt prosjekt, og kalt «det» (seg selv) for Lana del Rey.
    Samtidig har hun tydeligvis bestemt seg for at det förste prosjektet skal legges ned/avsluttes.

    Er prosjektet nedlagt, gir det samtidig lite mening å betale masse penger for lageroppbevaring av albumet (som angivelig uansett ikke selger noe særlig). Fölgelig tar man konsekvensen av dette, og destruerer albumet for å minimere ekstrakostnadene lagringen innebærer.
    Ikke vet jeg om itunes skal ha en fast avgift for å distribuere/selge et album, men det virker ikke usannsynlig. I såfall er det jo forstålig at man trekker albumet fra iTunes av samme grunn.

    For all del; jeg (som mange andre) setter stor pris på inflökte konspirasjonsteorier, men her vil jeg tippe at det mest av alt handler om å «cut your losses».
    Så får botoxen stå for hennes egen regning.

    Ha en strålende dag.

  4. [...] Albumcover: Lana Del Ray A.K.A Lizzy Grant (2008)Mye har blitt sagt og skrevet om stjerneskuddet Lana Del Rey siden den 50-talls nostalgiske Hollywood sadcore-låten ”Video Games” ble sluppet i sommer. Lydverkets Maria Horvei skrev blant annet i høst en lengre kommentar om at hun elsket henne, men at det var tåpelig at hun prøvde å skjule tidlige… [...]

  5. [...] utvilsamt fyrsteplassen i lomma heilt til diverse nettsider (kremt) byrja å masa om plastiske operasjonar og [...]

  6. [...] fra albumet med samme navn som kommer i slutten av januar – hennes første som Lana Del Rey.Les: Lydverkets Maria Horvei skriver om Lana Del ReyDJ Fresh + Rita Ora – Hot Right HereDJ Fresh + Rita Ora. (Skjermdump, Youtube)DJ Fresh er den [...]

Legg igjen en kommentar