Doom dukkar opp

Doom dukkar opp

MF Doom overraska alle – Damon Albarn inkludert – med å besøka Gorillaz på scena under konsert. Sjå klipp!

Skrevet av:
Publisert 13:03 25 november, 2010

Den smått legendariske og myteomspunne rapparen MF Doom har eit rykte på seg som eit usikkert livekort. Ikkje at publikum som såg han i Oslo tidlegare denne månaden vart skuffa, men etter ei rekke konsertar der han enten ikkje har dukka opp, eller fått dobbeltgjengarar til å ta over rollen, er det nok mange som går han i møte med ein viss skepsis.

Overraskelsen var nok difor ekstra stor då han dukka opp på ein av Gorillaz sine konsertar i London forrige veke. MF Doom samarbeida med bandet på albumet Demon Days, men ikkje ein gong Damon Albarn var førebudd på den uannonserte gjestevisitten. Sjekk ut Albarns heilt genuine glede midt i «Clint Eastwood»:

Overraskingar er sjølvsagt alltid moro. Rett etter at Lil’ Wayne var slept ut av fengsel, 6. november i år, dukka han opp under ein av Drake sine konsertar i Las Vegas:

Jay-Z og Beyonce har dukka opp på kvarandre konsertar fleire gongar. Her er dei saman på scena under Coachella-festivalen tidlegare i år,  der dei framfører «Young Forever». 6 minutt med det ultimate power couple, vanskeleg å hate:

Eminem har sjølvsagt dukka opp på ein og anna Rihanna-konsert i kjølvatnet av superhitten «Love The Way You Lie»:

Tags: , , , , , , ,

Del "Doom dukkar opp"
 

1 kommentar på “Doom dukkar opp”

Legg igjen en kommentar