Dei beste og verste sexlåtane
Nokon songar får det til å kitle på dei rette stadane. Andre drep effektivt alle tilløp til stemning. Her er dei frekkaste – og flauaste – sexlåtene.
Kva er beste framgangsmåte når ein skal skriva om at ein vil ligga med nokon? Bør ein pakke det fint og forsiktig inn, eller er det betre å fjerna eitkvart rom for tolkning? Er det skilnad på kva ein kan seia på norsk, og kva som går an på engelsk?
Lydverkets Njål Engsæth har sett nærare på dette, og i kveldens sending, kl. 21.30 på NRK2, får du høyra kva artistar som Veronica Maggio, Razika og Admiral Ps meiner om saken. Men om du er utolmodig, kan du sjå heile reportasjen øvst i artikkelen.
Les også: Vi elsker sexy musikk
Dette var unnskuldinga me trengte for å setta saman ei aldri så lite liste over minneverdige sexlåtar. Frå den enorme, dampande haugen av meir eller mindre diskré ymtande musikk, har me gjort eit forsøk på å plukka ut nokon av det beste – og verste. Grunna det enorme tilfanget av materiale, har me delt det inn i nokre underkategoriar som skal gjera det enklare å navigera gjennom det heile.
Det betyr ikkje at alt som fortener å nemnast er teke med, så her er det berre å skrika ut om din personlege favoritt (eller hatobjekt) i kommentarfeltet.
Dei flauaste
Ja då, ja då. Det er heilt naturleg. Men potensielt ganske flaut.
5. Olivia Newton John – «Physical»
Videoen til Olivia Newton Johns megahit frå 1981 minnar mest om eit lokalt revyinnslag, der den nyskilte tanta di gjer sitt beste for å visa ei ny side av seg sjølv. Den spinkle stemma til Newton John, kombinert med vibrerande rumper, mishandling av menn med BMI litt over normalen og generell heftig bruk av aerobicsrelatert double entendre, gjer det heile til ein temmeleg flau affære. Men tidskoloritten er heldigvis fantastisk.
4. Joe Cocker – «You Can Leave Your Hat On»
Songen i seg sjølv er, om ikkje spesielt subtil, ikkje av dei flauaste. Men tenk på alle dei flaue situasjonane som har oppstått på soverommet takka vera denne låta – ikkje minst i Joe Cocker sin versjon. Tommelfingerregel: Om du ikkje kan strippa, ikkje stripp.
3. Dumdum Boys – «Enhjørning»
«Jeg er en enhjørning / kommer for å ta pulsen din». Blodet straumer heller til ansiktet enn til andre delar av kroppen i møte med slike språklege bilete. Spesielt flau versjon: Skavlan-framføring, med ein liten endring i teksten når du kjem til 3:10.
2. Enrique Iglesias – «Tonight (I’m Fucking You)»
Allereie ein klassikar blant flaue sexlåtar. Men det skal innrømmast – forholdet du har til Enrique Iglesias i utgangspunktet, har ganske mykje å sei for kor pinleg du syns dette er.
1. Jørn Hoel – «En blå løk»
Det er fullt mogleg at det er det at det vert sunge på norsk som gjer dette så frykteleg pinleg (det same kan sjølvsagt seiast om Dumdum Boys). Men me har ein mistanke om at det å samanlikna kjønnsorganet sitt med ein blå løk er temmeleg usexy på dei fleste språk.
Metal
Du treng ikkje vera ein konvensjonelt kjekk mann for å få pene damer. Du må spela i metal-band.
5. Kiss – «Lick It Up»
Av alle sexrelaterte Kiss-låtar – kvifor denne? Vel, det er vanskeleg å krangla med linjer som «It aint a crime to be good to yourself.» Endå vanskelegare er det å argumentera mot hofterørslene til Paul Stanly. Videoen er i tillegg merkeleg betryggande, på den måten at den verkar å garantera at tuperingskammar og kreppjern kjem til å overleva apokalypsen. Og ikkje minst: det er morsomt å tenka seg at bandet har vaska vekk ansiktssminken i anledning foreståande oralsex.
4. Whitesnake – «Slide It In»
Mangel på subtilitet er definitivt ikkje eit nymotens fenomen.
3. AC/DC – «You Shook Me All Night Long»
Greitt, AC/DC kunne fylt kategorien heilt på eige hand. Men «You Shook Me All Night Long» er ein vaskekte klassikar. Beste augeblikk i videoen: når spinningdamene kjem til syne i bakgrunnen. For ein start på 1980-talet.
2. W.A.S.P – «Animal (Fuck Like A Beast)»
Er mennesket eigentleg berre eit dyr? Ja, seier W.A.S.P. I alle fall om ein har sexdriften i orden.
1. Def Leppard – «Pour Some Sugar On Me»
Ein av dei låtane det verkar nærmast naturstridig å vera fullt påkledd etter å ha høyrt. UK-versjonen av musikkvideoen er i tillegg ein av dei nydelegaste nokonsinne: Bandet, med ein look som kanskje best kan beskrivast som rørleggar-cool, står inne i eit hus, medan ein temmeleg robust gjeng kvinnfolk er i ferd med å riva heile bygningen. Dei fleste ville i ein slik situasjon ha prøvd å koma seg ut. Men dei fleste er ikkje Def Leppard.
http://www.youtube.com/watch?v=iVxiHC9AJQw
Kven er sexfiksert nok til å få ein eigen kategori? Følg med til neste side!
Tags: Aaliyah, AC/DC, Another Level, aternoon delight, beste og verste, Billy Idol, birthday sex, bump n' grind, Chris Brown, dancing with myself, Darling Nikki, Def Leppard, divinyls, echo, en blå løk, Enrique Iglesias, flau, freak me, fuck like a beast, how many licks, hurts so good, i touch myself, ignition, Jeremih, Joe Cocker, john mellencamp, jørn hoel, Kelis, Kiss, let's get it on, lick it up, Lil' Kim, Ludacris, lydverket TV, marvin gaue, marvin gaye, milkshake, missy elliott work it, no bullshit, Notorious, Olivia Newton John, onani, one more chance, oops oh my, orgasm addict, Peter Gabriel, physical, pour some sugar on me, Prince, R. Kelly, rock the boat, sex, sex me, sexlåter, silk, sledgehammer, slide it in, the buzzcocks, the vapors, the zoo, tonight im fucking you, turning japanese, Tweet, W.A.S.P., what's your fantasy, Whitesnake, will ferrell, you can leave your hat on, you shook me all night long
Halvparten av de gamle rockesviskene skulle vært byttet ut med The Weeknd.
Denne listen mangler minst en A-laget låt. Slem Tøs? #1 Stønnar?
Enrique Iglesias-låten er kanskje historiens flaueste uansett emne. Wasp sin fuck like a beast ruler.
For øvrig har norske Millions en rytmisk (sex-vennlig?) ganske uflau låt ved navn «battledrum»: http://www.nrk.no/urort/artist/millions/default.aspx
Jeg er ikke sikker på hvilken av listene den hører hjemme på, men «Closer» av Nine Inch Nails hører også med her!
Jeg er ikke sikker på hvilken av listene den hører hjemme på, men «Closer» av Nine Inch Nails hører også med her!
[...] Les også: -Dei beste og verste sexlåtane [...]
topp tre hip-hop-svisker som framleis gjer meg flau:
1. Akanyele, Put it in your mouth.
2. Beatnuts, Lick the pussy
3. Jacki O. Pussy real good.
topp tre hip-hop-svisker som framleis gjer meg flau:
1. Akanyele, Put it in your mouth.
2. Beatnuts, Lick the pussy
3. Jacki O. Pussy real good.
Mye å velge i hos artisten Prince. Men i tillegg til Darling Nikki burde dere tatt med «Do me baby» blant de rimelig flaue!
ugh den blå lauken var til å bli kvalm av
hmm, det kunne kanskje tolkast på fleire måtar
http://www.youtube.com/watch?v=o8VXnvbc1c0 er forresten ei koseleg heilt-åleine-låt
synes sirkus eliassen skulle vært med på ene lista….
synes sirkus eliassen skulle vært med på ene lista….
Egentlig meget merkelig at lydverket skal lage en sånn passelig kul og naughty sak om musikk og sex uten at Rockbitch er nevnt. Ingen, absolutt ingen, band har blandet sex og musikk slik Rockbitch gjorde, og det vet naturligvis redaksjonen. Så det store spørsmålet er: Hvorfor denne tausheten om Rockbitch ?
Her var det mye flott! To stk jeg føler ble litt forbigått, D’Angelos Untitled http://www.dailymotion.com/video/xctqvv_d-angelo-untitled_music
og Michael Jackson i 6ytime med Naomi Campbell http://www.youtube.com/watch?v=zwvix7uEQg0 jeg kan ikke være alene om å syns denne er klein? Hadde det bare vært noen andre enn Michael! «‘Cause If It’s Aching… You Have To Rub It»
Bonus: http://www.youtube.com/watch?v=yVLkHhHx03U&feature=related
Jeg syns da at sangen til Elvira Nikolaisen og Bjørn Eidsvåg, «floden», er en av de kleineste sangene jeg har hørt noen gang… Den er på grensa til å bli ekkel..!
Nå glemmer Lydverket gruppa The 2 live crew med Albumet As nasty as i wanna be fra 1989. Som kom med låtene me so horny & the fuck shop .Vil vel si at når vi snakker om sex låter så slår vel den gruppa det som er av dagens sex musikk rett ned i støvlene ..Å Det er ikke lenge siden de slapp en ny singel .Singelen som har fått navnet boom er bare helt konge – 2 Live Crew feat E-40 – Boom (J-Roc Remix) .Albumet Just Wanna Be Heard er ute nu
Dere ser ut til å ha glemt «Closer» av Nine Inch Nails.
Dere ser ut til å ha glemt «Closer» av Nine Inch Nails.