Cover: Bat For Lashes vs. Katy Perry
Føretrekk du Bat For Lashes eller Katy Perry? Høyr fyrstnevnte gjera Depeche Mode, og sistnevnte Rihanna, Jay Z og Willow Smith her!
Det begynnar å bli ei stund sidan me høyrte nytt materiale frå britiske Natasha Khan, betre kjent under artistnavnet Bat For Lashes. Men medan me ventar på oppfølgaren til fantastiske Two Suns frå 2009, kan me i det minste lytta til denne coveren av Depeche Modes «Strangelove», som ho har spelt inn i samband med lanseringa av ein ny parfyme frå Gucci.
Likte du det du høyrte? Låta kan lastes ned her!
Katy Perry har lagt ut på verdensturné, og under opningskonserten i Lisboa i helga la ho inn ein covermedley med Rihannas «Only Girl In The World», Jay Zs «Big Pimpin» og Willow Smiths «Whip My Hair». Vent på ein hysterisk morsom fløytedel frå 2:00 til 2:30!
Tags: bat for lashes, Cover, Depeche Mode, Jay-Z, katy perry, Rihanna, strangelove, Willow Smith