Bra damer til Middelalderparken
Vi seier berre Florence Welch, Jenny Lewis, Pip Brown. Og greit- så er kanskje Gang Gang Dance meir enn berre ei dame. Og beståande av fleire menn. Men likevel, dette må då vere ei knippe bra damer å sjå fram til! Underteikna har alt ytra sin kjærleik for dama Florence Welch i Florence & The […]
Vi seier berre Florence Welch, Jenny Lewis, Pip Brown. Og greit- så er kanskje Gang Gang Dance meir enn berre ei dame. Og beståande av fleire menn. Men likevel, dette må då vere ei knippe bra damer å sjå fram til!
Underteikna har alt ytra sin kjærleik for dama Florence Welch i Florence & The Machine. Dama som har blitt spådd å bli eit av namna du skal hukse frå 2009. Iallefall om vi skal høyre på BBC sine meiningar. Florence & The Machine har etter planen tenkt å sleppe albumdebuten når vi kjem til 6. juli, noko som betyr at publikum i Middelalderparken vil få med seg ei knippe ferske låtar. Og ingenting er vel betre enn det. Så det er berre å pakke danseskoene, kjøpe billett og skrive Øyafestivalen 2009 opp i kalenderen. For dette er ei dame du ikkje vil gå glipp av.
Og du vil heller ikkje gå glipp av sjølvaste Jenny Lewis. Kanskje mest kjent som vokalist i indiegruppa Rilo Kiley. For i tillegg til å vere soloartist har frøken Lewis også gitt ut plata Rabbit Fur Coat saman med the Watson Twins og heile fem plater med Rilo Kiley. Og ikkje nok med det, så har ho også har bidratt på andre sine plater. Produktiv dame kan du sei, og det er vel ikkje uten grunn at ho blir omtalt som indierockens skarpeste låtskrivar. Om du har dine tvil, då er det jo berre å innfinne seg på Øya i august.
Ladyhawke er jenta Pip Brown frå New Zealand. Jenta som ikkje gjer det vanskeleg å høyre at ho har har latt seg inspirere og fascinere av det glade 80-tallet, og miksa det saman med moderne elektro og klassisk pop. Veldig «no», skal vi høyre på kritikerane. Fleire hipsterbloggarar har genierklært ho for korleis ho gjer musikken sin. Og bloggarar har jo tross alt peiling? Det kan jo såklart diskuterast. Men det som ikkje treng å bli diskutert, det er at Ladyhawke kjem til å lage fest på Stratos torsdag 13. august, vi snakkar såklart om Øyanatt. Der du skal befinne deg når Middelalderparken har stengt porten og slått av lyset. Så det er ingen grunn til å gå heim til senga når morroa sluttar i parken, for det er då den startar i byen.
Ok, så er kanskje ikkje «bra dame» det som beskriver Gang Gang Dance på den beste måten. Men tjah, til Oslo og til Middelalderparken kjem dei likevel. Til alles store glede, antar eg? Klipp og lim frå Aftenposten i Øya sin omtale: ”En indie/alternativ/post-punk-estetikk utgjør grunnfundamentetet med eksperimentelle elektro/ambient hentydninger, og med slikt er det lite rom for begrensninger, noe Gang Gang Dance benytter seg av til det fulle. Det kjennes ut som om de griper fysisk tak i og rister deg. Det er bare å gi seg hen.”. Treffer ikkje den omtalen deg, så kjem du nok til å skifte meining etter fem minutt med denne sprudlande Brooklyn gjengen. Det blir fest! Heilt sant.
I tillegg til desse fire flotte namna, er også tungvektarane Enslaved, Årabrot og Kylesa klare for festivalen. Så det er berre å springe til nermaste billettkontor for å skaffe seg festivalpass! Det er ikkje noko å tenke på ein gong.
Tags: 80-tallslyd, band, booking, Festival, florence and the machine, gang gang dance, indie, Jenny Lewis, Ladyhawke, metal, Middelalderparken, Musikk, oslo, pop, rock, øya, øyafestivalen