Go with the flo`

Av og til kjem ein over små perler når ein surfar rundt på internettbølgene. Ikkje altfor ofte, men i tider og utider. Og då har ein ofte lyst å fortelle det til heile verda, eller så vil ein helst holde det for seg sjølv. Men å dele, det synes vi er ein god ting. Så […]

Skrevet av:
Publisert 14:02 31 januar, 2009

Av og til kjem ein over små perler når ein surfar rundt på internettbølgene. Ikkje altfor ofte, men i tider og utider. Og då har ein ofte lyst å fortelle det til heile verda, eller så vil ein helst holde det for seg sjølv. Men å dele, det synes vi er ein god ting. Så dette blir då ein slags anbefaling. Eller ein introduksjon av britiske Florence and The Machine.

Ok, så er det ikkje akkurat eit nytt navn på stjernehimmelen, men det har iallefall tatt underteikna litt tid å finne fram til dennen dama. Og muligens er det fleire her på berget som er litt treig i oppfatningen, og dermed ikkje har fått med seg eit av dei nye navna for lyden av 2009.

Florence Welch, er ei 22 år gammal dame som for tida bur i hjartet av england, London. Og saman med back-up bandet sitt lagar ho musikk under navnet Florence and The Machine.

Ho blei oppdaga når ho var full, og sang Motown cover låtar på toalettet på ein nattklubb. Og med litt hjelp frå BBC programmet ‘Introducing‘ har Storbritania fått augene opp for den raudhåra dama. Med framragande opptredenar på BBC, 2008`s SXSW, Bestival, Reading & Leeds Festival og Glastonbury, har det ført til at Florence and The Machine har dukka opp som nummer tre på BBC si liste over lyden av 2009. Og det er ikkje verst med tanke på at ho fortsatt ikkje har gitt ut meir enn eit par låtar.

Musikalsk sett vandrar dei rundt i ei verd referert til soul inspirert indie. Låtane ho skriv er ofte prega av fantasi og historiar. Men ho skriv også fortellingar om kjærlighet, ting ho har sett, saker folk har sagt til ho, eller ting ho har gjort sjølv. Og til slutt blir det kanskje ei historie med karakterar, som ein fugl eller eit esel. Fantasifullt og fint.

For tida er ho i forskjellige studio for å gjere ferdig debutplata, (som skal komme ein gang i 2009) saman med produsentar som Paul Epworth og James Ford. Dei to har produsert platene til henholdsvis Bloc Party, Kate Nash og Klaxons og Artic Monkeys. Og plata blir gitt ut av Island Records, som også gir ut bl.a Amy Winehouse.

Det blir spennande å sjå kva meir som kjem frå Florence and The Machine, om det blir pop-stjerner av dei eller ikkje?

Dette er videoen til førstesingelen ‘Kiss With a Fist’

[youtube tpsDegqioVA]

Her er videoen til andresingelen ‘Dog Days are Over’.

[youtube s0ZPTFfpO40]

Tags: , , , , , , , , , , , , , , , , , , , , , , , ,

Del "Go with the flo`"
 

2 kommentarer på “Go with the flo`”

  1. Kåre G sier:

    Jeg syns du bør få med at Kiss with a fist er en nyversjon av låten «Happy Slap» som Florence ga ut når hun var med i bandet Ashok.

    Ashok har forøvrig flere kule låter. Albumet «Plans» er bare å kjøpe på Itunes. Vel verdt 80 spenn!

  2. Kåre G sier:

    Litt trist å se at Happy Slap, som er en kanonlåt, måtte indie-fiseres for å få airplay…

Legg igjen en kommentar