Artistar gatelangs

Beyoncé kasta seg uti gatefest i New Jersey i helga. Artistar ser ut til å digga å overraska fansen.

Skrevet av:
Publisert 9:44 1 oktober, 2010

Du treng det kanskje ikkje, men her kjem nok ein grunn til å ikkje hate Beyoncé. På besøk til svigermora i New Jersey (mora til Jay-Z, altså) greidde ikkje superstjerna å motstå lyden av musikk utanfor vindauget, ogblei likegjerne med på moroa. «Block parties», eller nabolagsfestar, er litt meir vanleg i USA enn dei er i Norge, og er bevis  at det ikkje berre er i Glee og  High School Musical folkemasser bryt ut i synkrondans.

Også andre stjerner er glade i å trekka gatelangs. Klippet under viser Lenny Kravitz som overraskar eit kor i New Orelans i ferd med å framføra «Fly Away». Me tippar han følte seg nokså bra etterpå.

Ein favoritt frå YouTube: Bruce Springsteen er på besøk i København, og går forbi ein gatemusikant som framfører «The River». The Boss gjer sjølvsagt det einaste rette – han blir med.


Nokon artistar starta bokstavleg talt karriera si på gata. Klippet under viser ein 17 år gammal Biggie Smalls freestyle livskiten ut av ein uheldig motstandar.

Tags: , , , , , , , , , ,

Del "Artistar gatelangs"
 

4 kommentarer på “Artistar gatelangs”

  1. gunnar sier:

    Hvor er videoen av Beyonce?

  2. are sier:

    The boss er sjefen :) uten tvil

Legg igjen en kommentar