Lukkebana Åråsen

At Sogndal sler Lillestrøm 3-0 på Åråsen får fram mange superlativ frå ekspertisen. Til og med Ivar Hoff skamrosar dei rosakledde for taktisk klokt spel.  Fortent nok, og det viser kva som bur i dette sogndalslaget. Ørjan Hopen var igjen frampå med scoring og assist, medan gode «gamle» Eirik Bakke styrte skuta frå «broen». På bana  der han debuterte i eliteserien som 16-åring i 1994. Faktisk er Åråsen ei lukkebana for Sogndal med fleire sterke sigrar.

Det har vore nemnt før, og det toler å bli oppattteke. Dette mannskapet har stoff i seg til mange års tippeligaspel. I sluttminuttane skulle også Ruben Holsæter få sin sogndaldebut. Men dommaren blåste av litt tidleg, så debuten må venta for førdianaren.  Kjenner eg Harald Aabrekk rett, så blir det ikkje lenge før Ruben får føling med tippeligaen, kanskje alt mot Aalesund.

Det som imponerer aller mest etter ein rufsete start på sesongen, er det kollektive spelet. Ein for alle og alle for ein. Det har alltid vore Sogndal sitt sterkaste våpen. Og sentrallinja med Udjus, Hovland, Elvis og Bakke er det ikkje så mange lag som matchar. Mellom desse spring unge og framstormande spelarar, svoltne på suksess og med sterke ønskje om å visa seg fram.

Igjen fekk eit sjokkert Åråsen-publikum sjå Sogndal på sitt beste: taktisk kloke, suverene i det kollektive forsvarsspelet, og med meir enn gode nok angrepsvåpen til å senka Henning Berg sine disiplar. Harald Aabrekk fortener rosebukett etter denne sigeren og det han har utretta med laget. Det pussige er at fleire LSK-trenarar har fått fyken etter å ha tapt for Sogndal på Åråsen. Berg sit nok trygt framleis, men tapet svir kraftig for Kanarifuglane. Sogndal gjorde det igjen. La Romerike for sine føter!

Tenk for ein haust det blir på Fosshaugane når Aalesund, Brann, Strømsgodset, Stabæk og til slutt Molde kjem på besøk. Det blir fest, drama, fortviling, men vonleg mest glede, seiersrus og fornya kontrakt.

Dette blir moro. Gjer dykk klare folkens. Det varer heilt til advent!

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Rykk fram til START

Dei fleste av oss kjenner Monopol-spelet. Å rykkja fram til start betyr ekstra bonus og gode mulegheiter for «nye kjøp». Slik blir det for Sogndal når Mons Ivar Mjelde sitt Start kjem til Fosshaugane søndag. Mjelde kan nesten reknast som «halvt sogndøl» med hytte i Sogndalsdalen og viktig bidragsytar som han var for Sogndal i 2001-sesongen.

Å rykkja fram har ei offensiv haldning i seg. Det må Even Hovland og Co ha til årets kanskje viktigaste kamp. Siger og tre poeng vil trykkja sørlendingane skikkeleg ned i gjørma og truleg senka dei for godt. Seks poengs forsprang blir vondt å henta inn for dei gul-svarte.

Det er godt med folk på Sogndal sine treningar for tida. Ein sprek veteran-duo, Eirik Bakke og Tore André Flo i bresjen for ei rekkje unge, framstormande spelarar gir von om å klara plassen i tippeligaen. Difor blir det folkefest søndag, for no er også meir enn 3000 studentar og skuleelevar på plass, noko som vil setja sitt preg på tribunane.

Den rekordlange sesongen går inn i ein særs avgjerande periode. Nivået i årets tippeliga er ujamt, for å seia det pent. For Sogndal er nedrykkskamp ikkje noko nytt. Slike fenomén er langrt verre å takla for meir meritterte og større klubbar. Her ligg Sogndal sin store sjanse.

Aalesund, Brann, Strømsgodset, Stabæk og Molde er gjestande lag på Fosshaugane utover hausten, og fleire av desse må kneblast. Så gjeld det å stela flest muleg poeng i bortekampane mot Lillestrøm, Viking, Fredrikstad, Tromsø og Odd.

Haustjakta krev fininnstilt sikte og god teft!

Det har vore stille på trenarfronten i Sogndal. Får me snart sjå Harald Aabrekk sin etterfølgjar? Den som følgjer med får sjå.

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Meir jubel – trass i tap

Det vart 0-4 og eit audmjukande tap i Haugesund. Sogndal fekk oppleva det som FKH-trenar Jostein Grindhaug så forløysande og forbaska enkelt har uttalt:

— Taktikk er sterkt overdrive. Det er berre å peisa på utpå der!

Det er grunn til å jubla for ei slik innstilling til spelet. Og er det noko FKH-spelarane gjer på si heimebane, så er det nettopp å peisa på. Sogndal vart møtt av ein angrepsflaum dei seint vil gløyma, men vonleg tek rask lærdom av. Stao no Pao har mykje til felles med Peis Pao. Sogndal har vist at det går an, heime mot Lillestrøm, Sarpsborg og Rosenborg. Og i cupkampen mot Brann på Stadion. Tapet for FK Haugesund må brukast på rette måten, og «lua i handa»-mentalitet må me sleppa å sjå igjen. For slik verka det på onsdag.

Jubel går og til Strømsgodset og Ronny Deila sitt regime. Der boltrar unge, lovande spelarar seg og viser på mange måtar ein unorsk måte å spela på. Teknikk, hurtige ballvekslingar og stor bevegelse. Angrepsbølge på angrepsbølge mot Athletico Madrid vitnar om ein ny skule i norsk toppfotball. Sjå og lær, unge fotballspelarar og norske trenarar!

Dette kan me få til i Sogndal og. Som nemnt før, årets mannskap er noko av det mest løfterike me har hatt på mange år. Nokre manglar er det, og nytt blod må inn. Men over tid kan det byggjast eit framtidig topplag med base i Sogndal. Eit ekte fylkeslag med gode innslag frå fotballverda utanfor.

Lagoppstillingane i Haugesund fortel noko om fotballkvardagen i Sogndal. FK Haugesund stilte med 7 utanlandske spelarar, medan Sogndal mønstra 7 frå vårt eige fylke. Ein viss skilnad, men uansett inga årsaking for 0-4. FKH og Jostein Grindhaug har gjort eit imponerande arbeid dei siste 3-4 åra og møtt tippeligaen med offensiv fotball og angrepsvilje, særleg på heimebane.

Dette kan Sogndal kopiera. Kanskje ikkje så lett mot Vålerenga på Ullevål søndag. Men sjansen til poeng er avgjort innan rekkevidde mot litt slitne VIF-spelarar etter exit frå europacupen. På Oddsen står Sogndal med rekordhøge 8 for bortesiger. Det minner meg om 1988-sesongen då ein ikkje ukjent Dagblad-journalist med hjarta i Vålerenga, tippa «Enga» som 100% sikker vinnar. Lett match.

Kampen enda 1-1 etter Asle Hillestad-scoring og med eitt blad Hopen på bana, Torbjørn den gongen. Søndag er det Ørjan sin tur, med ein utsøkt venstrefot. Kanskje er det din tur til å sjokkera den sigersikre Klanen? Ingen ting smakar betre enn å klå dei store i deira eiga leikegrind!

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Overgangshysteri

Det er hektisk, og for nokre lag panisk stemning for tida. Spelarar kjem og går, pengekarusellen ser ikkje ut til å stoppa, trass i magre tider for mange av dei involverte.

Også Sogndal er på marknaden med von om gode kjøp til rimeleg pris. Og namn som Even Hovland og Ole Jørgen Halvorsen er naturleg nok spennande for andre enn Sogndal. I dette ligg og ein fare. Som då Even Hovland var på besøk hjå Manchester United, eller når Ole Gunnar Solskjære står fram med solidox-smilet og vil ha midtstopparen til Molde for ein spottpris. Du skal vera klar i toppen og vera flink å halda fokus på treningsarbeidet i din eigen klubb med slike beundrarar! Even har takla det svært bra.

Ole Jørgen Halvorsen har gjort mykje bra for Sogndal i årets tippeliga, og takk for det! Både driblingar og scoringar har 24-åringen bidrege med. Slikt blir det jakta på i fotballnorge. Men pass på Ole Jørgen, ikkje la beundrarane ta fokuset bort det som er det viktigaste for deg og Sogndal i haust – LAGET!

Skal flaggskipet vårt halda stø kurs i eit vanskeleg farvatn denne hausten, er det ein for alle, alle for ein som er nøkkelen. Det har vore Sogndal sitt beste våpen i alle år frå det første opprykket i 1965 og seinare det som skjedde på 70-talet og framover. Og må framleis vera det. Difor er spelarar som Mats Solheim, Isak Scheel, Elvis og Cato Hansen så viktige i årets mannskap. Alltid oppofrande, positive og med ei offensiv haldning til spelet. Lagspelarar både i trening og kamp.

Cato Hansen har fått pepar, og lenge lurte eg på kva denne mannen kunne utretta for Sogndal. Scoring har det ikkje blitt til no. Men Cato -søndag reiste eg meg og jubla då du takla ein RBK-spelar ut over sidelinja etter eit 50 meters returløp! Du ofrar alt for laget, og det skal du vita at me set pris på! Du målber det flotte slagordet «Stao no Pao» på ein utmerka måte. Det vil gje resultat.

Med Tore André og Eirik som superveteranar skal LAGET Sogndal kjempa for eksistensen. Det blir ein haust med neglebiting og høg puls for mange. Alt i kveld er det utfordring stor nok mot FK Haugesund!

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Ei ny tid

Fotballen rullar att. Etter den forferdeleg hendinga i Oslo sist veke, kan me igjen retta blikket framover og gle oss over idrett på alle plan. Lett er det ikkje, men når Norges store fotballag dei siste åra, Rosenborg kjem på besøk til Sogndal, er det ei perfekt ramme som ventar spelarar og publikum.

Fosshaugane Campus er fullført, alt ligg til rette for ei feststund der fotballen har fokus. 66 år er gått sidan dei første spadtaka vart tekne på Fosshaugane. I dag kan truleg kring 5000 tilskodarar innta eit av dei mest moderne fotballanlegga i landet. Det er stort for vesle Sogndal og fortel noko om kva som har skjedd i fotballbygda dei siste tiåra.

På mange måtar er det ei ny tid for sogndalsfotballen me no går inn i. Mange nye spelarar er på veg inn, dei siste er Ruben Holsæter frå Førde og brørne Stefan og Peter Aase frå Florø. Spennande typar som kan vera med og forma fylkeslaget Sogndal i åra som kjem. Endeleg er også Florø SK med på fotballkartet. Det er på tide!

Harald Aabrekk er inne i sin siste periode som trenar i Sogndal. Saman med Øyvind Nilsen er han den einaste som har ført klubben til tippeligaen to gonger i trenarkarrieren. Det står det respekt av. Om han maktar å halda laget over nedrykksstreken denne sesongen, står att å sjå. Den nye trenaren som kjem i 2012 vil uansett disponera eit spennande mannskap, med kanskje det største potensialet laget på Fosshaugane nokon sinne har hatt.

Det nye Sogndal vil ha typar som nemnde Ruben Holsæter, brørne Stefan og Peter Aase, Gustav Valsvik, Ørjan Hopen, Thomas Ness, Isak Scheel, Eivind Daniel Røed, Vegard Gjermundstad samt «veteranane» Mats Solheim, Per Egil Flo, Ulrik Flo og Henrik Furebotn som stammespelarar. I keeper Kenneth Udjus har Sogndal etter mitt syn ein av dei beste i landet, kanskje ein framtidig landslagskeeper.

Sogndal som klubb vil uavhengig av Tippeliga- eller Adeccoligaspel stå i ei særstilling i norsk toppfotball. Eit topp moderne anlegg og alle tenkjelege treningsfasilitetar samt ein økonomi under kontroll. Det er det ikkje mange klubbar som matchar. Utfordringa blir å henta dei to-tre forsterkningane utanfor fylket, dei som gjev laget den ekstra løften som gjer Sogndal til eit  tippeligalag. For at det er realistisk er det ingen tvil om.

I klubben finn me namn som Terje Skjeldestad, Håvard Flo, Tore André Flo og Eirik Bakke. Alle kapasitetar på sine område som vil vera med å løfta den nye generasjonen sogndalsspelarar saman med den nye trenaren. Og det er viktig at desse tek tak i talentutviklinga i klubben. Skal Sogndal igjen bli best i klassen her, må det skje ei utvikling og klar forbetring i klubben. Særleg talenta i eigen klubb må få den opplæringa som skal til for å forma ein toppspelar. Andre klubbar i fylket klarar det, så kvifor ikkje i Sogndal? Årets gutelag må tilbringa haustsesongen i 2. divisjon i fylket. Det høyrer ingen stad heime for ein klubb som Sogndal.

Laurdag kveld er det fest på Fosshaugane Campus. To klubbar, begge opprinneleg kledde i svart og kvitt, skal setja farge på kvelden. Det er grunn til å gle seg!

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Fotballferie og realisme

Sogndal har ingen grunn til å feriera mykje etter ein svært så variabel vårsesong. Skal det vera snev av realisme i tippeligaspel på Fosshaugane i 2012, må følgjande moment klaffa:

  • Eirik Bakke og Henrik Furebotn må vera på bana så ofte som råd
  • Ein eller to spelarar som styrkar laget både i trening og kamp, må på plass.
  • Spelarane må våga å angripa ein kvar motstandar på heimebane, slik de gjorde mot Lillestrøm og Haugesund i vår.
  • Sarpsborg08 og Start er to nøkkelkampar som må vinnast skal det vera von om fornya kontrakt.
  • Spissane må byrja å scora mål!

Harald Aabrekk skal ha kredit for å gje unge, lovande spelarar sjansen. Trioen Ørjan Hopen, Thomas Ness og sist Eirik Bergum Skaasheim er blitt varme i tippeligatrøya medan Isak Scheel tidvis har storspela. Gustav Valsvik er ei komande kjempe, snart klar etter skade. Alt saman gjev framtidsvyer.

Men kynismen i tippeligaen tilseier at «snillaste guten i klassen» ikkje alltid når fram. Dei store klubbane har økonomiske lokomotiv som ordnar opp og betalar rekninga, uansett.. Likevel er Sogndal nesten like gode som majoriteten av laga. Det vesle ekstra må hentast fram i ein lang og dramatisk haustsesong.

Det kan gå vegen viss alle vil nok, vågar nok og får det til samstundes. Heimebana og Fosshaugane blir den avgjerande arenaen for å lukkast.

Eirik Bakke sin aktive karriere er snart på hell. Å tru at Tore Andre Flo skal berga Sogndal blir heilt feil. Men begge har ein utruleg viktig rolle å fylla i miljøet, men også på bana.

Til slutt:

Sogndal 2 og Fjøra FK kan begge risikera eit liv i neste års 4. divisjon. Det vil vera ei ulukke for sogndalsfotballen og rekrutteringa til A-laget. Her må det gjerast grep folkens!

Svein Bakke er tilbake i SIL-kulissene. Eg vel å tru han vil spela ei rolle her.

Lukke til med ein usedvanleg lang og utfordrande haustsesong! Sarpsborg 08 er første bytte, søndag 17. juli. Vel møtt til drama på fylkets største teaterscene, Fosshaugane Campus!

Publisert i Ukategorisert | 1 kommentar

Tenk 2012 – og endå lenger

Sogndal klarte aldri å prestera opp mot sitt beste i kampen mot Fredrikstad. Eg trur ikkje det skorta på korkje vilje eller innstilling. Sogndal utan Eirik Bakke, Henrik Furebotn og Even Hovland til å styra skuta, er neppe meir enn eit Adeccoligalag. Men fortvil ikkje. I dette mannskapet er det ferdigheiter og guts i massevis. Eg såg noko eg likte då spelarane gjekk av bana etter eit surt 0-1 tap. Det svei noko inni granskogen, særleg for dei yngste som Ørjan, Thomas og Isak.

Om det fall ei tåre eller to skal vera usagt, men eg er overtydd om at i slike spelarar har Sogndal ei stor framtid. Saman med heilstøypte karar som Gustav Valsvik, Vegard Gjermundstad, Per Egil Flo, Mats Solheim og Ole Jørgen Halvorsen. Det er i slike stunder du ser kven som vil vera med å gå den knallharde vegen. At det år i rykk og napp i tippeligaen, må Sogndal leva med. Det tek tid å få alle opp på nivået, og gjerne mange nok samstundes.

Difor gjer Harald Aabrekk og Co lurt i sjå framover. Til 2012, og gjerne 2015 for den saks skuld. Bygg for framtida med noko av det beste me har hatt i Sogndal. Men, og det er eit stort men. Det må trenast meir og betre. Teknisk-taktiske ferdigheiter, fysisk kapasitet, men først og fremst ferdigheiter. 30-40 % auke i treningstid kan umogeleg vera vanskeleg for heiltids profesjonelle spelarar. Her har Sogndal så vel som norsk toppfotball ein veg å gå – ei utfordring. Kanskje er det ein idé å invitera Tarjei Bøe til ein godprat om trening, fysisk som mental. Kva er det som gjer utøvarar som han til den beste i verda?

Vidare må Sogndal ta skikkelleg tak i talentutviklinga i eigen klubb. Spelarar frå 12-13 årsalder må få eit langt betre treningstilbod og oppfølgjing enn kva tilfellet er i dag. Med Eirik Bakke, Håvard og Tore André Flo, Terje Skjeldestad samt ei rekkje andre trenarakapasitetar i SIL-rekkene, har klubben alle føresetnader for å lukkast. Spelarane er der. Det er mange som Thomas Ness og Ørjan Hopen. Gje dei tid og opplæringa som skal til. Klubben må rett og slett våga å bli både ein topp- og breiddeklubb også for dei yngste utøvarane!

I dette biletet er det interessant at Sogndal har gitt frå seg to spelarar som framleis kan bli gode på Fosshaugane. Oddbjørn Skartun i Vard og Gøran Wigum i Kongsvinger er to svært talentfulle unggutar. Håpar dei ikkje er gløymde. I Førde tuslar Ruben Holsæther rundt, medan brørne Aase imponerer i florødrakta.

Fotballframtida i Sogndal er i mine auge svært lys viss klubben gjer dei rette grepa. Men det er på tide med litt nytenking og endå meir ambisiøs satsing. Frå dei unge til A-laget. For nivået i tippeligaen tilseier at Sogndal kan ha ei god framtid der. Det har sesongen til no vist.

Publisert i Ukategorisert | 1 kommentar

Våg å vinna

Lillestrøm og Haugesund fekk føla at Sogndal også har offensiv styrke. To flotte kampar som stadfestar at våre spelarar har kvalitetar til å hamla opp med dei fleste tippeligalaga, vel og merka på heimebane!

Verre er det mot lag som Molde med internasjonale stjerner i sentrale posisjonar, slik me såg søndag. Noko slikt har Sogndal aldri muligheiter for å matcha. Ikkje før ein eller annan Røkke serverer 20 millionar i ny og né, til ymse bruk (les spelarkjøp).

Men det er lov å stola på eigne krefter, som mot Lillestrøm, men kanskje særleg førsteomgangen mot Haugesund. Vegard Gjermundstad på stadige offensive raid spelar Ole Jørgen Halvorsen gjennom til 3-1 målet. Mats Solheim, målsniken framfor nokon stormar i angrep og scorar sikkert. Dette er gledeleg og syner at me har kvalitet nok til å angripa ALLE. Flott levert.

Harald Aabrekk er ein sta og eigenrådig herremann. Og ingen skal ta han på fagleg kompetanse og ein CV som fortel at han har fått lag «på stell» også tidlegare. At Sogndal no etter kvart framstår som eit lag med offensiv styrke i tillegg til solid defensiv organisering, kan sikkert både spelarar og trenar ta æra for. For oss som sit på sidelinja eit signal om at kampen for tilværet i tippeligaen kan vinnast, sjølv om det er langt fram.

Ørjan Hopen og Thomas Ness har vist seg fram dei siste to kampane. Begge innfødde sogndøler, oppflaska i eigen klubb. Bak desse kjem det fleire med både evne, vilje og mot. Difor er det trist lesnad når Daniel Lubieniecki og Freddie Butler som trenarar for Sogndal 2 føler seg i eit slags ingenmannsland utan den støtten laget og dei sjølve treng frå A-stallen for å rykkja opp att i 3. divisjon. Viss det er rett, har klubben ein jobb å gjera. For rundt om i fylket er det andre og store talent som også ser mot Sogndal og kva totaltilbod klubben har til dei yngste.

Men aller viktigast er å få fram spelarar frå eigen klubb. Det er lenge sidan sist, og duoen Hopen/Ness er det beste provet på at det gror godt i eigne rekker. Som det gjer også på årets gutelag, sjølv om dei ikkje har hatt nokon lagmessig sukess i år. Trenarane føler litt av det same som Lubieniecki/Butler – for få som bryr seg nok om det dei held på med. Inkludert A-lagsmiljøet. Det har ikkje Sogndal som klubb råd til.

Håvard Flo jobbar med å få i stand ei hospitering for unge talent i alderen 14-16 år slik at dei får trena med A-laget. Det skal både modning, tid og tolmod til for å klara vegen opp mot A-laget. Å tilpassa seg ein livsstil som innber 100% fokus på fotballtrening – og utdanning. Det er såleis på høg tid å setja denne ordninga ut i livet. Stort betre investering enn å få spelarar opp i A-lagsstallen kan ein knapt gjera. Og det er fullt muleg å få til.

Så får Trond Fylling satsa på å fanga «storfisken» ute i Europa eller Afrika. Han finst, men er svært vanskeleg å få på kroken – til rett pris.

Publisert i Ukategorisert | 1 kommentar

Smågutefotball

Når du gjer dumme feil på fotballbana, blir du straffa nådelaust. Cato Hansen og Kenneth Udjus var lovleg tidleg ute med julepresangane i år, for så dumme feil som dei presterte mot Brann er til å grina av. Slik opptrer til vanleg berre nervøse smågutespelarar.

Eit Sogndal som korkje kan eller vil angripa eit B-prega Brann fortener knapt nok poeng. Ein trøystelaus førsteomgang der spelarane heilt tydeleg hadde fått beskjed om å liggja lågt og aldri to sjansar, vart statistar og ga Brann all den plass dei trengte for å dominera. Kvar er vinnarvljen, vinnartypane og dei som kan signalisera at dei vil slåss for tre poeng?

Nei, Harald Aabrekk – det er lov å forsvara seg til eitt poeng på bortebane. Men eg er stygt redd for at mange av spelarane er så innpoda med defensive og feige holdningar, at det ikkje kan bli noko anna enn spede, nærmast ynkelege forsøk på angrepsspel. For i kveld møtte de slett ikkje noko tippeligalag av format. Ikkje i kveld heller.

Dette var ein flau forestilling som ikkje tener Sogndal til noko som helst ære. Det er tid for ein alvorsprat på kammerset. TV-bileta frå sogndalbenken fortalde i alle fall  meg at ikkje alt er som det skal vera i SIL-leiren. Det kan umogeleg fortsetja slik. Då er Sogndal nedrykksklar lenge før sommarferien. Diverre.

Kampen mot Haugesund komande torsdag blir faktisk vinn eller forsvinn! FKH-trenar Jostein Grindhaug sa dette etter 5-0 over Molde sist helg.

— Taktikk er oppskrytt. Det er berre å peisa på!

Tenk på den, Harald Aabrekk og Sogndal.

Publisert i Ukategorisert | 2 kommentarer

Stille før stormen

Det har vore svært stille kring Sogndal og førebuingane til kampen mot erkerival Brann. Møtet med Stadion-spøkelset er tøft og vrient for mange, slik også for Sogndal. Men laget har vunne i løvens hule før, og kan gjera det igjen. Sjansen vil aldri bli større enn i fredagens oppgjer. Brann utan Austin, Mjelde og Ojo blir B for Brann i betydningen B-laget. Så her er det ingen grunn til å leggja seg tungt bakpå, Harald Aabrekk! Angriip var eit godt slagord for nokre år sidan. Ta det fram att og våg å sjokka Brann når dei er sårbare.

Med Lars Grorud , Piotr Leciejewski og Christian Kalvenes i Brann-drakt mot Eirik Bakke, Kenneth Udjus og Cato Hansen i svart og kvitt blir oppgjeret heilt spesielt. Prestisje langt over det som er vanleg, og for Sogndal vil ein siger over Brann på Stadion smaka ekstra godt uansett.

Når du har spelt spiss innpå 16 timar utan å laga mål, vil du før eller seinare «stå i vegen» slik at ballen går i mål. Gjett kva Cato Hansen drøymer om før møtet med sine tidlegare kompisar i Brann. Eirik Bakke gløymer heilt sikkert både ankel og lårskade, uansett. Her blir det kamp på kniven.

Best i Vest var slagordet i 1976, og svar på dette får me igjen, no på Brann Stadion. Gle dykk folkens!

Publisert i Ukategorisert | 1 kommentar