
Stien, dekka av blank is. Legg eit tynt lag nysnø oppå der, og du har ei dødsfelle.
Fjell-sesongen er på hell. I dag måtte eg avbryte rypejakt-turen, rett og slett fordi is og snø gjorde det for farleg: Les videre
NB! blogg.nrk.no er nedlagt. Dette er en arkivert kopi
Stien, dekka av blank is. Legg eit tynt lag nysnø oppå der, og du har ei dødsfelle.
Fjell-sesongen er på hell. I dag måtte eg avbryte rypejakt-turen, rett og slett fordi is og snø gjorde det for farleg: Les videre
"Foreldre-teltet" nærast. Obs rim. Nesten igloo...
Denne veka kan du få deg ei naturoppleving av dei sjeldne: Legg deg i telt og høyr hjorten brøle. Her skal du få eit par fine tips:
I Aurlandsdalen fekk eg ein ide til eit karsstykke som er så skremmande at eg grøssar ved tanken: Å svømme tvers over Vetlahelvete og tilbake igjen. Reiselivssjef i Aurland og Lærdal, Noralv Distad, lovar ut ein dusør på 5000 kroner til den første som gjer det – og beviser det her på bloggen!
Sjekk reglane her: Les videre
Eventyret opnar seg bak meg
Aurlandsdalen er Norge sitt svar på Grand Canyon. Du vert så mikroskopisk liten, og naturen så kolossalt stor. Det er rett og slett mektig: Les videre
Terje Tindefjellsbestigar Lyngstad
Teatersjef Terje Lyngstad var ikkje før komen ned frå Tindefjellet (1083 moh), så sprang han på Førdsnipa (863 moh). Er du treningsnarkoman, så er du treningsnarkoman. Les videre
Ingemar Nordstrand. Slik ser ein gamal fjellfant ut.
Lihesten er ein dryg tur. Men kva gjer det, når du går saman med ein tidlegare gullgravar, Norge på langs-syklist, sauegjetar, forfattar, globetrottar, ordførar og husmann? Ingemar Nordstrand (78) har eit smadra lårbein «lappa saman med jernplate og hesjestreng», men han fortel hårreisande historier og klarer seg fint. Les videre
Med over 60 2000-meterstoppar i Luster å velje i, deriblant Fannaraaken, Dyrhaugstindane, Ringstingdane, Soleibotntindane og Skagastølstindane, valde Tor Bremer at vi skulle gå på Molden (1116 moh.) – Er det den finaste fjellturen i Luster? spurte eg. – Det er i alle fall den mest populære, sa Tor. Og det kan eg faktisk forstå. Les videre
Kortaste vegen på Gråberget er ein forferdeleg tur. Men toppen er fin. Les videre
Ann Kristin Flatland tok hagla med på Kongshaug i Vik. Den fekk ho ikkje mykje bruk for: Les videre
Ass. fylkesmann Anne Karin Hamre leiar ei kvinnekult som held høgtid på nye fjelltoppar kvar veke. Dei kallar seg «Honky Togga Women»: Les videre