Med kvinnekulten på Togga

AK til plugg 2Ass. fylkesmann Anne Karin Hamre leiar ei kvinnekult som held høgtid på nye fjelltoppar kvar veke. Dei kallar seg «Honky Togga Women»:

I ti år har venninnegjengen frå Sogndal samlast kvar veke heile sommarsesongen for å gå på fjellet. Togga i Sogndalsdalen er «heimefjellet» deira, difor navnet Hony Togga Women.  På fjelltoppane held dei mystiske ritual som ingen mann så langt har fått være med på. Eg kan avsløre at ritene blant anna inkluderer moltekrem og krumkaker.

Sjølv slit eg med psyken. I tjue år har eg vore ein fyr i ganske dårlig form, og hjernen min er vant til å kalkulere fysiske utfordringar ut frå det. Kvar gong eg ser på ein fjelltopp eller lang motbakke, skrik kvar fiber i kroppen min: NEI! Det går aldri!!!! Finn på ei unnskyldning! Reis heim att!!

Kona mi meiner at dette kanskje er det einaste området der sjølvtilliten min er mindre enn evnene. Elles er det stort sett omvendt.

Så også i går. Då eg sto på rasteplassen Vatnasete i Sogndalsdalen og såg opp på Togga, tenkte eg: «Anne Karin Hamre sa det var bratt, men bratt? Dette greier eg ikkje. » For det er bratt. Det går ikkje akkurat rett opp, men langs ryggen  av fjellet, heilt frå dalen og opp til tregrensa, går det så bratt opp at du til tider må halde deg i treleggane. Av mannen (eller i dette tilffellet, dama) framfor deg, ser du stort sett berre skoa.  

Damene kjem akkurat idet eg har fått smurt meg inn med sinksalve (jepp, den dei brukar på såre barnerumper) og skifta til Low Friction Tights-trusa mi (som effektivt forhindrar gnissesår på lange turar) og fått på meg shortsen min. Det var godt dei ikkje kom litt før. Bildene ville stått på netthinna deira i årevis.

– Opp her går stien, seier Anne Karin, og så er det berre å peise på. Damene er mykje sprekare enn meg, men etter to nedjusteringar har vi funne eit tempo der kroppen min får akkurat nok oksygen. Det er nok bra for formutviklinga å gå saman med folk som helst vil gå litt fortare enn du ville gjort på eiga hand, men det er ganske slitsomt og. Stien går bratt opppover ryggen, men til tross for dagevis med nedbør er det berre unntaksvis litt sleipt.

Det blir som eg hadde forestilt meg, med fem damer på tur: Eg går midt i laget, framfor meg foregår (uavbrutt) ein samtale, bak meg ein heilt annan, og heile tida føl dei med på den andre samtalen, og ropar kommentarar over hovudet på meg. Multitasking på høgt nivå. Eg har nok med å sette den eine foten framfor den andre, og pusteapparatet må prioriterast til pusting og ikkje prat.

Veret er ikkje det beste. Skoddedottar i fjellsidene kan gi ein malerisk effekt på eit landskap, men når skoddedotten er akkurat der du er, har du lita glede av det. Det regnar og. Faktisk så mykje at eg har svært få bilder frå oppstigninga, fordi eg ikkje ville ta kameraet fram. Men plutseleg er vi komne opp til «Bjørka». Bjørka står åleine på ein fjellknaus og markerer tregrensa. Det er og eit godt utsiktspunkt. Vert det sagt. Eg kan godt tenke meg det. Men eg såg ikkje så mykje av det.

Derifrå løsnar det faktisk veldig fint, stien flatar litt ut, og etter kvart kjem vi over i fjellrypebiotopar; småsteinsur med irrgrøn mose. Og ganske rett, plutseleg ser Anne Karin ei fjellrype som står på ein stein og kikar på oss.  Derifrå trur eg faktisk ikkje det regna lenger heller.

Vatnet inst i dalen heiter Laugavatnet. Der har desse damene lauga seg. Eg ser det for meg.

Vatnet inst i dalen heiter Laugavatnet. Der har desse damene lauga seg.

På toppen held gjengen ei enkel markering med nedsetting av det norske flagg, samt dokumentering av bestigninga, både på bilder og video. Dei filma meg faktisk i bar overkropp og, då eg skifta til tørt tøy. Skal tru kva dei hadde sagt om eg gjorde det same. 🙂 Frå toppen skal du kunne sjå Hurrungane i godver. I dag myser vi gjennom skodda bratt ned til opninga i Frudalstummelen, vi ser inn til Anestølen, framover Sogndalsdalen og inn til Laugavatnet, der gjengen på ein tidlegare tur har vore og lauga seg. Eg spør om dei skal lauge seg i dag, og då seier Anne Karin at det kan eg gjere, og nikkar mot ein liten dam like ved. Då seier eg at eg lauga meg i går, men takk som byr.

Så er det klart for moltekremen. Dette er eit ritual som dei vanlegvis forbeheld bursdagar, men sidan dette var første gong i historia at ein mann fekk vere med på tur, valde dei å køyre moltekrem denne gongen og.

– Vi vil ikkje kalle det feiring. Det er vel meir ei markering, sa Anne Karin. Samme for meg kva dei kallar det, moltekrem og havreflarn (skapet tomt for krumkaker) og kaffi er glimrande fjell-ettermiddagsmat.

Vi har ein og ein halv time på nedstigninga før mørket tar oss, og vi greier det med fem minutts margin.

Og Togga? Som fjelltur betrakta? Sikkert ein flott tur, i finever. Heilt sikkert, faktisk. Men denne turen vart berre nok eit prov på at om ikkje ein fjelltur alltid er så fin, så er han alltid hyggeleg, og du kjem nær folk på ein heilt annan måte enn ellers.   

Bilder frå turen finn du her:

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

En kommentar til Med kvinnekulten på Togga

  1. Morkaper sier:

    Jau, angåande stadnamnet «Bjørka»: Skal ein vera heilt presis, og det skal ein om ein kan, so heiter plassen Orreleiken. Dette er eigentleg uviktig då ein eigentleg berre treng vita namnet på bjøka. Ho heiter Johansbjørka etter han gamle Johannes som budde nedi Gunvordalen.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *