Korte fakta om turen finn du her:
Høgd: 1205 moh.
Start: Køyr ned til rasteplassen Vatnasete nesten inst i Sogndaldsalen. Gå derfrå vidare på småvegen som går utover i dalen, og ta vegen opp til høgre etter grinda, opp ein bratt bakke. Du kjem til ein undergang under riksvegen, og straks etter den kryssar du over ein liten bø, og så startar stien inn i skogen. God, tydeleg sti heile vegen opp.
Høgdeskilnad: 765 m.
Tid: 2 timar opp, 1,5 timar ned (sprek tjukkas-standard)
Generelt: Kjapp (og bratt) mosjonstur opp til flott utsiktspunkt. Ingen ekle eller vanskelege punkt. Skjønar godt at mange mosjonistar har denne som fast rute.