Grand Canyon

Eventyret opnar seg bak meg

Eventyret opnar seg bak meg

Aurlandsdalen er Norge sitt svar på Grand Canyon. Du vert så mikroskopisk liten, og naturen så kolossalt stor. Det er rett og slett mektig: 

Det er ikkje ofte du har med ein guide som eg hadde på denne turen: Kristin Sønnerheim (78) har gått Aurlandsdalen mange gonger i året sidan ho kom til Aurland i 1959. Saman med mannen sin, Kaare Sønnerheim (som gjekk bort for fire år sidan), har ho varda og merkt og rydda stien i femti år. 

 – Her har det lagt mange kjendisar, fortel Kristin og peikar på det gamle stabburet på Østerbø. Eg syns det er litt morsomt at når det kjem celebritetar på vitjing, så legg vi dei i den eldste rønna vi kan finne. Men dei tykte nok det var eksotisk.

– Kjem eg frå dette heilskinna, så skal eg vere glad, tenkte eg, då vi gjekk frå Østerbø. Termomteret viste fem kuldegrader, og isen på pyttane var slik at han tolte eit godt kakk med vandrestaven.  Eg skal innrømme at eg tykte den første timen av turen vart litt transportetappe. Nesbøgalden og garden Nesbø er vakkert nok, men det vart litt mykje rett fram og trakk-trakk. Men på den annan side, når skodda heng så lavt at du knapt ser femti meter opp i fjellsida, og stien er så frosen at blikket heng nagla i stien for å unngå ein brå saltomortale, så er det kanskje ikkje så mykje ein får med seg.  Eit stykke samferdslehistorie er det no uansett: Når du ser bilete av stigen dei brukte for å komme seg opp Nesbø-galden, så får du eit visst inntrykk av kor viktig Aurlandsdalen har vore som ferdselsveg gjennom hundrevis av år, at vi går langs ein gamal hovudveg frå vest til aust.

Tankevekkande er det sjølvsagt og å sjå garden Berkvam, og sjå kor folk var tvungne til å klore seg fast i dei fjernaste fjellskorter for å gnike eit levebrød ut av dei stusslege rabbane.

– Dette heiter Berkvams-brennevinet, fortel Kristin om ein bekk vi kjem til, og forklarer at det er fordi denne bekken aldri frys (nett som brennevin). Eg tenker med meg at det kan no og vere eit lite spit med at dette var vel den dyraste drikkevara dei nokon sinne fekk råd til der på garden.

– Her var det ein tøffing som var med mannen min, som hadde skrytt av at han skulle bade. Men då dei kom fram svikta motet og det vart ikkje noka bading, fortel Kristin og peikar ned i Svartetjønn. Vi er komt inn i eit område der ei skummel stemning rådar. Rett etterpå kjem vi til Grunnlaushedlaren, der Likbjørki ein gong stod. Der brukte dei å henge opp liket og overnatte, når dei bar lik frå oppi dalen til bygds. Så kjem vi til Vetlehelvete: Ute på ei slette ligg ein stein, så stor som eit fire etasjers hus.  Denne steinen er kløyvd i tre-fire deler, og så har elva kverna ut ei jettegryte som kavn vere ein 20-25 meter i diameter, inne i steinen. Og ikkje berre steinen, men ei tilsynelatande botnlaus grop under han og.

– Fole meiner det skulle heitt «Katedralen», seier Kristin, og det kan eg forstå. Viss du berre ser oppover. Men den nedste delen av gryta er fylt opp av ei myrtjønn som er rett og slett uhyggeleg. Eg fekk litt sånn «Blair Witch project»-følelse. Reiselivssjefen i Aurland har faktisk lovt ut 5000 kronertil den første som legg ein kommentar her, med lenke til eit klipp på youtube der han sym tvers over tjønna. For det kjem ingen til å gjere. Men det skal vere godt filma, heile turen, og vi skal ha med kommentaren etterpå…Fy og fy,for redsler eg trur gøymer seg ned i det kolsvart djupet…  Sjekk video frå Vetlehelvete her, og sjå om ikkje du får litt skrekkfilm-assosiasjonar:

Litt før Vetlehelvete kjem du til ei tjønn som heiter Svartetjønn. Den er nesten like uhyggeleg.

– Dei seier at viss du hiv ein stein uti Vetle helvete,så boblar det i Svartetjønn, fortel Kristin.  Det trur eg på. Eg trur kanskje det boblar i sjølve Store Helvete og, eg…

Ser du godt etter, kan du sjå eit lite menneske der. Det er slik du kjenner deg i Aurlandsdalen...

Ser du godt etter, kan du sjå eit lite menneske der. Det er slik du kjenner deg i Aurlandsdalen...

Etter Vetlehelvete forandrar turen totalt karakter. No skjønar eg kvifor turistane kjem i tusenvis kvart år for å oppleve denne turen. Plutseleg står vi på ein knaus, og Grand Canyon ligg under oss. Ned der skal vi, framover ein dal så forreven at det er som ei revne i fjellet. Som små maur kryp vi rundt, og over, og mellom, og til dels under,  kampesteinar på størrelse med bussar og rådhus. Fjellveggane tårnar seg tusen meter opp over oss, og langt der oppe skimtar vi tidvis himmelen. Nederst i revna klukkar elva, med glitrande, grøne kulpar som kan minne litt om dei du kan sjå i Lærdalsdalen, frå det som no (Vårherre og Kjell Opseth være lovet) er blitt «Historic route».

To timar varer turen fram dette partiet, det kunne for min del vart i to dagar. Eg trudde eg hadde sett vill natur, men dette er noko heilt for seg sjølv.

Omsider rundar vi ein snu i dalen, og ser fram mot Sinjarheim, som ligg som eit ørnereir på ei hylle høgt over dalbotnen. 

– Her blei mannen min fødd. Han var den siste i ein barneflokk på tolv, fortel Kristin. Takk vere ein driftig eigar og Sogn Jord- og Hagebruksskule, som stølar her nokre veker kvar sommar, er det gamle tunet svært velhalde. Åtte hus i alt står som dei sikkert sto for hundre (og kanskje mange hundre) år sidan.

– Ser du murane der opp i bakken, bak korntørka? Det er okkermuradn, fortel Kristin.

– Okker? spør eg.

– Jaja, åker, då. Der murte dei opp og fylte på inntil, så dei fekk seg ei lita flate til åker.

Og det måtte dei faktisk. På heile garden fins det ikkje flat mark nok til å parkere ein bil. Og her vaks tolv born opp, med to timars gange fram til sivilisasjonen. Og den sivilisasjonen var Vassbygdi:-) Du snakkar meg om «langt frå folkeskikken».

Vi klatrar ned til Almen, der eitt av dei legendariske husa i Aurlandsdalen ligg. På den mest rasutsette staden i heile dalen fann nokon på at dei skulle byggje eit hus, og det gjorde dei på den einaste «trygge» staden: Under ein enorm stein. Sjekk billedgalleriet, så skjønar du kvifor.

Eg blir ganske sårbeint etter kvart. Stien ned heile dalen er ganske knudrete, og sjølv om eg har gode fjellsko, kjenner eg at fotsålane begynner å bli prylte.

– Kvar lørdag sit eg og føl med på Lotto-trekninga. Eg skulle ønske eg kunne vinne ein million. Då skulle eg ha leigd ein gjeng sherpaar til å pusse opp stien opp til Sinjareim, seier Kristin.

Det er godt Aurlandsdalen ligg i Aurland og ikkje i Gaular. For det er ikkje naturen si meining at folk skal ferdast i Aurlandsdalen. Kvart einaste år er det parti som rasar ut under eller over stien, og den må stadig fiksast på, om dei mange tusen turistane skal komme fram. Seinast for tre år sidan gjekk eit enormt steinras ved Almen, og kampesteinar så store som dumpersar ligg slengt rundt om i dalbotnen. Men var det noko problem? Nei, Aurland kommune grov djupt i kraftpengepungen, og hosta opp gryn så det heldt til både helikopter og anleggsmaskiner til å legge sti gjennom raset. Det hadde dei ikkje hatt råd til i heimkommunen min. Ikkje utan å setje eit titals oldingar på gata, i alle fall. Og det er no slikt ein bør unngå i det lengste…

 

Bilder frå turen finn du her:

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

7 kommentarer til Grand Canyon

  1. jannicke olsen sier:

    Hei Ole Johannes!

    En imponerende blogg!
    Jeg har fulgt deg nå siden ditt første innlegg, og jeg må si at jeg er mektig imponert! For en vilje, for et guds!
    Du har inspirert meg så mye at jeg selv er kommet igang med trening.
    I likhet med deg har jeg innsett at jeg elsker naturen!
    Dersom du tar utfordringen og ønsker det, så skal jeg gjerne være din veiviser og turkamerat den dagen du vil besøke BØTTEJUVET og oss i indre sogn! 🙂

  2. Hege Steinsland sier:

    Du e den glade vandrer, personlig du, Ole Johannes. Lengten på fjellet ligg i blodet til oss som ættar frå Hesjedalen tur eg 🙂

  3. Chris sier:

    Der tek du feil. Råsdalen er Norges svar på Grand Canyon. Men den er lite kjent, for grunneigarane held juvelen sin tett til brystet blant anna på grunn av beiting. Aurlandsdalen er strålande, men altså ikkje «Norge sitt svar på Grand Canyon». Ta deg ein tur gjennom Råsdalen og sjå, skal vedde på at du endrar meining.

  4. Tilbaketråkk: Tre av ti ordførarar seier ja til tvang

  5. lisbeth sier:

    Flott blogg 🙂 Ein flott tur i eitt frodig landskap. All ære til dei som jobbar for å halde vegen i farbar stand! Sidan eg var lita har eg høyrt at aurlandsdalen var Norges svar på Grand Canyon. Tilnavnet kom vel i samband med Aurlandsutbygginga, og striden for å bevare den urørte naturen. Noko som har fungert veldig bra tykkjer eg! Aldrig høyrt om råsdalen…?

  6. Oddrun Lien Løvland sier:

    Flotte bilder og veldig interesant å lese om Aurlandsdalen.
    Det er nok ca. 35 år siden eg gikk den turen.
    Men eg ser dalen for meg ennda.
    Minner for livet.
    Skulle gjerne tatt turen igjen.

  7. Olav Holmen sier:

    Fine bilder men de sier lite i forhold til å gå Aurlandsdalen på sommerstid.Jeg var i Aurland sommeren 1979 sammen med en kameratgjeng på fisketur. Vi ble fasinert av naturen og reiste tilbake hver sommer i ca. 10 år, hvor vi lå i telt på eiendommen til en hyggelig mann som bodde i Vassbygdi.Mannens navn var så vidt jeg husker Olav Bjelde. Jeg har selv aldri gått hele turen,men gikk en sommer fra det vi kaldte hengebrua og ned til Vassbygdi.Er på ingen måte noe friluftsmenneske men etter å ha gått den turen fikk jeg et ubetalelig minne for livet.En tur gjennom Aurlandsdalen kan anbefales på det varmeste.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *