Isen legg seg – sesongen på hell

Stien, dekka av blank is. Legg eit tynt lag nysnø oppå der, og du har ei dødsfelle.

Stien, dekka av blank is. Legg eit tynt lag nysnø oppå der, og du har ei dødsfelle.

Fjell-sesongen er på hell. I dag måtte eg avbryte rypejakt-turen, rett og slett fordi is og snø gjorde det for farleg:

Natt til i dag var det ni kuldegrader og liten kuling i fjellet. Det veit eg, for eg var der…

Tirsdag ettermiddag gjekk eg innover til ei hytte eg får låne, i fjellet mellom Høyanger og Viksdalen, på rypejakt, saman med to kameratar. På veg inn kom vi over eit rypekull, og sette etter dei.

– Skal eg setje att sekken (12 kilo) her? tenkte eg idet vi tok av frå stien. Men ingen veit kor haren hoppar, langt mindre kor rypa fyk, og det kunne bli langt å gå tilbake etter sekken. Eg tok han med. Vi runda ein krok i dalen, og brått var vi framme i vinden. Liten kuling. Adskillige kuldegrader. Gjennomsvett tøy. Ingen god kombinasjon. Eg opna sekken og tok på meg alt eg hadde av klede, og når eg då snørte hetta utanpå hua og gjekk på det eg klarte, heldt eg akkurat varmen. Men nista åt eg mens eg gjekk.

Tre timar følgde vi rypene, men vi kom aldri innpå. Dei er ikkje heilt kvite enno, og dei lettar på 300 meters avstand. Klokka seks tok eg farvel med jaktkameratane for å gå åleine inn til hytta og overnatte der. Ti minutt etter at eg var blitt åleine, glei eg på eit frose berg og datt nokså hardt.  – Fy fader, tenkte eg. – Tenk om eg hadde vrikka foten der? I liten kuling, mange kuldegrader, våte klede og null mobildekning? Ingen ville leita etter meg, for alle reknar med at eg blir i fjellet natta over? Eg ville ikkje overlevd i tre timar.  Etter det gjekk eg nokså forsiktig.

Slik skal ei hytte være. Røkke kan ha palasset sitt for meg.

Slik skal ei hytte være. Røkke kan ha palasset sitt for meg.

Men når du då, i hylande vind, kjem fram til hytta, får fyr i ovnen og kaffi i koppen, og sit der med ei varm dyne rundt deg, og varmen begynner å lure seg ned frå taket, kosar du deg då? Sjekk videoen og døm sjølv:

Neste dag hadde eg tenkt å gå på fjellet. Men åleine, utan mobildekning, og med blankfrosne berg under snøen? Nei. Det er over grensa til det forsvarlege. Så eg sto opp (med innetemp under null), fyrte i ovnen, kokte meg kaffi, og hoppa under dyna att til ein time med god bok, kaffi og knitring i ovnen. Så gjekk eg heim att. Veldig forsiktig.

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

En kommentar til Isen legg seg – sesongen på hell

  1. Grete sier:

    Hei.
    Må ikkje seie at fjell-sesonger er over! Skrekk og gru!
    Man kan gå i fjellet heile året, men sjølvsagt skal man
    være varsam på glatte stier. Men det går an å gå attmed
    stien, så blir det ikkje så glatt…? Veldig kjekt å lese
    om turane du har gått! Hald fram med turer og nyt naturen!
    God tur!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *