Eventyr-skogen

PA130277I Årdal kan du gå på fjelltur, utan å gå på ein fjelltopp. Jan Egil Fimreite tok meg med på ein rundtur i dei største opplevingane i fjellheimen i Årdal: Utladalen, Hjelledalen, Vettismorki, Vettisfossen vetti gard og Folkevegen. Og størst av alt er Eventyrskogen i Vettismorki: – Kva? Skal vi ikkje på ein fjelltopp? seier eg til Jan Egil då den grusomme sanninga går opp for meg i bilen på veg inn Utladalen.

– Ta det rolig. Vi skal no opp tusen meter. Du skal få sjå flotte ting, det skal eg love deg, seier Jan Egil.

– Opp her skal vi, seier Jan Egil og peikar opp lia ved Hjellefossen, ytst i Utladalen. Eg får litt same kjensla som då eg fekk sjå kor eg skulle gå opp Gråberget i Høyanger: Dette er sjølvmord. Men det går faktisk veldig greitt. Stien snor seg fram og tilbake, og det er faktisk berre heilt i begynnelsen det er litt bratt.  Inn Hjelledalen får eg sjå korleis det artar seg når det er lemenår: For kvar femtiande meter skvett det opp eit lemen rett framfor beina mine. Og dei kan verkeleg skvette, det skal eg love deg. Dei sprett i været og slår kolbøtte i rein skrekk, og så pilar dei innover stien til finn eit hol å gøyme seg i. Og finn dei ikkje det, så stoppar dei og gneldrar og pip så det er reint komisk. Enkelte stader rett og slett myldrar det av dei. Det lever og spring og raslar over alt rundt oss, eg har ei kjensle av at det er minst femti stykker innanfor ein radius på ti meter. Stølsvollen på fjellstølen i Hjelledalen er rett og slett gjennomhola av lemengangar.

Denne stølen er no forresten den vakraste eg har sett. Det er tydeleg at her er det ein stor gjeng som er glade i fjellivet og stølane sine, som møtest jamnt og trutt og i det heile tatt morar seg storleg.

– Julebord har vi og, ein gong ut i januar. Ved tjønna her oppe skaut vi ein elg ein gong, og den for midt uti tjønna før han dauda. Ein av oss kledde av seg og sumde ut med eit tau, så vi skulle få slept han til land. Jakthunden følgde etter ut, men han syntes vel vatnet vart litt kaldt, for han kravla opp på elgen og sat der mens vi drog han til land. Det var litt moro, fortel Jan Egil.

– Og kvart år har vi fiskekonkurranse. Vi samlast ein ti-tolv stykker, og så fiskar vi, og om kvelden er det rett på grillen med alt i hop. For sikkerhets skuld set vi no eit garn og.

Stien opp til Morkaskori er lettgått og fin, og plutseleg står vi og ser utover Vettismorki. Du hendelse. For føtene mine opnar det seg eit område så stort som ei heil, lita verd, ei vidstrakt slette/gryte med ein eventyrskog av gigantiske fjellfuruer, og kanskje kvar femte daud, grå og tørr. På haustraude grasmoar ligg speilblanke tjørner og glitrar, og eg seier til Jan Egil at her skulle vi blitt ei veke.  Det er som å gå rundt i eit maleri av Kittelsen. Eventyrleg.

– Ei storfuru som denne brukar 600 år på å vekse opp, og 600 år på å daude. Så veltar ho, og så brukar ho 600 år på å råtne opp, fortel Jan Egil. Stammen eg nett tråkka over kan altså godt ha vore ei spire den gong Jesus vandra rundt på jorda. Eg syns det virkar sannsynleg.

Haust i Utladalen

Haust i Utladalen

Midt i Vettismorki ligg forresten DNT-hytta Ingjerdbu, om du skulle ha lyst til å ta deg ein overnattingstur.  Det er ein koseleg stølsvoll, og frå utedoen har ein visstnok utsikt over heile Hurrungane frå sørsida. Det skal eg ikkje ha sagt noko om, for det fantastiske fjellmassivet låg innhylla i fjorten lag skodde og skyer så lenge vi hadde (eller kunne hatt) utsikt mot det.

Vi tuslar fram mot kanten ned til Utladalen, og brått kjem vi fram til ei utsiktsplattform, som stikk ut mot Vettisfossen. Kor majestetisk det er, med ein foss som dett 273 meter i fritt fall før han knusest mot berget, det vil eg ikkje ein gong prøve på å beskrive. Men flott er det, når eit vindkast brått knuser vasstrålen til eit gardin som svevar oppover mot oss, før det dett tilbake mot jorda. Og brukar mange, mange sekund på det. Sjekk video her:

Eg kunne tenkt meg å bli der ei veke og, eg, men det lir mot kveld, og Jan Egil vil helst ha gått stien ned til Vetti Gard før det mørknar. Og det seier eg ikkje noko på. Det er bratt, og her og der ganske høgt utfor og. Det begynner å demre for meg at ein vand, gamal fjellfant datt i døden her for 15 år sidan. Jan Egil kan forsåvidt bekrefte det, men av hensyn til etterkommarane vil han ikkje snakke vidare om det. Han er ein omtenksom kar, Jan Egil.  

Ni og ein halv time brukte vi, på 22 kilometer. Neste gang skal eg bruke ei heil helg. Og så skal eg ta med kona mi, og så skal vi overnatte på Ingjerdbu, og neste dag skal vi gå ned til Vetti, og så skal vi gå inn og sjå Vettisfossen frå nedsida også, og så skal vi ta inn på Vetti gard (kr 640 i heilpensjon). Er ikkje det eit fint program for ei romantisk helg, så veit ikkje eg 🙂

Sjå bileta frå turen til Vettismorki

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

2 kommentarer til Eventyr-skogen

  1. Heidi sier:

    Hei!
    Første gang jeg ser bloggen, og jammen er den imponerende!! Denne turen står på min liste over må-turer og etter å ha lest dette, så er det ingen tvil 😉

  2. Heidi Eriksrød sier:

    Hei!
    Flott blogg! Nå kan jo vi andre bare plukke de fineste av de fine turene etter dine beskrivelser 🙂
    Utladalen står på min må-liste og etter å ha lest dette, så er det ingen tvil 🙂

    Lykke til med Storen – der skulle jeg gjerne vært med 😉

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *