BORGERLIG – RAUDGRØNT 4-2

Meiningsmålingar er langt frå valg, men dei viser at me går ei spennande tid i møte.

Situasjonen NÅ er at Høgres Torbjørn Røe Isaksen vipper ut Arbeiderpartiets Sigvald Oppebøen Hansen i kampen om det siste av dei fem distriktsmandata i Telemark.

Og akkurat nå ligg Geir Bekkevold frå Kristelig Folkeparti best an til å ta utjamningsmandatet – sjøl om SV er større og Senterpartiet nesten like stort.  

HISTORISK

Det spesielle med dette utslaget på meiningsmålinga, er at det gir 4-2 i borgerleg favør på Stortingsbenken frå Telemark.

Det har ALDRI skjedd ved noko valg etter at by og land blei samla i felles valgdistrikt fylkesvis på 50-talet.

Tvert imot: Telemark har vore eit RAUDT fylke, Arbeiderpartiet aleine hadde over 50 prosent av stemmene så seint som i 1985. I 1977 var Telemarksbenken delt 4-2 i Ap-favør: Høgre og Krf fekk ein kvar, ingen andre parti var representert.

Elles har møsnteret stort sett vore 3-3 mellom blokkene i Telemark, og då har vi rekna Senterpartiet til den borgerlege sida heilt fram til dei konverterte til raudgrønt i 2005.

RØE ISAKSEN-EFFEKT

NRK Telemarksendinga og TA skal ha partimålingar annankvar dag fram til siste dag av valgkampen. Dei vil fortelje om svingingar som skjer, og me kan se om det er spesielle lokale forhold som slår ut i Telemark.

Høgre går fram i dag – og det er i strid med dei aller fleste tendensar i andre målingar. Derfor trur eg dette er ein Røe Isaksen effekt. Røe Isaksen skårer i våre målingar også svært høgt på at folk kjenner han og har tillit til at han vil gjøre ein god jobb for Telemark på Stortinget. Nasjonalt er han uten tvil Telemarks mest kjente politiker – bedre kjent enn olje og energiminister Terje Riis Johansen.

Han blir sånn sett bare slått av Kristin Halvorsen – viss me fortsatt skal rekne ho som Telemarking. Men det er noko lengre sidan ho gjekk ut av grunnskulen i Porsgrunn……

Dette innlegget ble publisert i Gisle. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *