«We`re back. We mean, really back»
Kven hadde trudd at vi skulle sjå meir til punkbandet Blink 182 i totusenogni? Sikkert ikkje så mange, men det kjem vi til å gjer likevel. For Tom DeLonge, Mark Hoppus og Travis Barker har fornya vennskapet og karrieren. Dei tre medlemma i Blink 182, annonserte på søndagens Grammy Awards at dei dannar bandet på […]
Kven hadde trudd at vi skulle sjå meir til punkbandet Blink 182 i totusenogni? Sikkert ikkje så mange, men det kjem vi til å gjer likevel. For Tom DeLonge, Mark Hoppus og Travis Barker har fornya vennskapet og karrieren.
Dei tre medlemma i Blink 182, annonserte på søndagens Grammy Awards at dei dannar bandet på nytt. Eller «friendships reformed», som dei sjølv har skrive på heimesidene sine.
Med eit mål om ny plate og turne, har dei gått i studio for å fortsette der dei slapp for ei tid tilbake sidan. Dette blir den sjette plata i rekka, og det er seks år sidan den forrige.
Sommaren 2009 er det vi skal gjere oss klar til. Så for dei som måtte tykkje at dette er stas, då er det berre å vente i spenning.
Og her er dei, samla igjen for å dele ut prisen for «Best Rock Album2″ på Grammy utdelinga:
[youtube SrVSlZm4K9g]
… Og sånn berre for å nevne det. Så er Green Day også klar med ny plate. Navnet på den er 21st Century Breakdown og den skal etter planen vere ute ein gong i mai.
Tags: Blink-182, comeback, grammy awards, Green Day, Musikk, punk, rock