White Lies. Foto: Kim Erlandsen/NRK P3

White Lies. Foto: Kim Erlandsen/NRK P3

Videorama!

Begynn helga med nokon av vekas beste nye musikkvideoar – frå White Lies til Human League, Katy B til Sufjan Stevens.

Skrevet av:
Publisert 12:42 26 november, 2010

Du hugsar scena i E.T der romvesenet og den vetle guten ligg inne i det teltet? Det er i bunn og grunn konseptet til videoen til «Bigger Than Us»,  fyrste singel frå den White Lies si komande plate Ritual. Berre at E.T. vert spelt av ein gigantisk sjokolade, sjølvsagt:


(Via CoS)

I februar legg White Lies ut på verdsturné, der dei kjem til å ha med seg LA-artisten Pat Grossi, også kjent som Active Child. Ei eiga soloplate er endå ikkje klar frå den kanten, men denne videoen til  «I’m In Your Church At Night» er inga dårleg kompensasjon. Regissør er Petro Papahadjopoulos, tema er konditorkunst:


(Via Pop In Stereo)

Vegetarianer? Kanskje ikkje Simian Mobile Disco sin siste video er noko for deg. Dødt rødt kjøtt i alle kanalar:

Forstatt ikkje kvalm? Bryn deg på Here We Go Magic sin siste, videoen til «Casual». Den er mykje eklare enn det låta skulle tilsei:


(Via Pitchfork)

Den britiske dubstepyndlingen Katy B har gitt ut låta »Lights On» saman med Ms. Dynamite:


(Via Pop in Stereo)

The Human League er tilbake med ny fulllengdar i mars neste år, og fyrstesingel «Night People» er allereie ute. Musikkvideoen er kanskje ikkje heilt på høgde med tidlegare bragder, men slett ikkje dårleg:

(Via 405)

«Too Much» er eit av høgdepunkta på Age of Adz, Sufjan Stevens siste album. Videoen ser, som fleire har kommentert, ut som ein American Apparel-reklame på syre:


(Via Pitchfork)

The Go! Team er sistemann ut i vekes videooppsummering, med dette høgtempoklippet til låta «T.O.R.N.A.D.O» . Sjå opp for deira tredje studioalbum, som kjem på eit forstatt uvisst tidspunkt.


(Via SKoA)

Tags: , , , , , , , , , , ,

Del "Videorama!"
 

1 kommentar på “Videorama!”

  1. Bridges sier:

    Endelig Videorama igjen! Mange gode tips her.

Legg igjen en kommentar