Videorama!

Videorama!

Denne veka har bydd på eit knippe fantastiske, ferske musikkvideoar. Frå OK Go til Ratatat – sjå alt her.

Skrevet av:
Publisert 14:59 11 november, 2010

OK Go er for mange meir kjent for musikkvideoane sine enn for sjølve musikken. Du veit, de er dei som står bak den med tredemølla. Og den med joggedressane. Og den med hundane. «Last Leaf» er seinaste tilskot i rekka, men her er ingen av gutane med i sjølve videoen. Toast is the new black, og det er ganske kult:


(Via CoS)

Hot Chip har fått med seg Will Oldham, også kjent som Bonnie «Prince» Billie, på ein remake av «I Feel Better». Resultatet, «I Feel Bonnie», er fantastisk. Videoen likeså:


(Via Pitchfork)

Cee-Lo Green verkar fast bestemt på å kverna ut stadig nye hits frå The Lady Killer, og no har «Bright Lights In A Bigger City» fått video også.


(Via Pigeons And Planes)

Elektronikaduoen Ratatat er ute med plata LP4, og no kan ein nyta videoen til låta «Neckbrace». Papegøye, anyone?


(Via SKoA)

Ja, me har Jesse Jones. Men det er plass til Jessie J likevel, er det ikkje? Den britiske dama har ikkje skapt store bølger her heime endå, men videoen til «Do It Like A Dude» er verdt å sjekka ut på ein fredagskveld. Litt dancehall, ein del pop, masse attitude.


(Via Popjustice)

Endå ein brite: Alex Clare kjem med plate i januar neste år, men videoen til «Up All Night» kan du sjekka ut her, no, i dette augeblikk:


(Via Pigeons and Planes)

Tags: , , , , , , ,

Del "Videorama!"
 

4 kommentarer på “Videorama!”

  1. Even B sier:

    ELSKER «I feel Bonnie». Tusen, tusen takk.

  2. Tusen takk for denne artikkelen! Og takk herre fred og diverse bondelag for at eg såg gjennom heile og fekk sett Alex Clare. Den gjekk på repeat i eit par timar i går natt. Gledar meg til albumet.

    Og takk for resten og sjølvsagt!

Legg igjen en kommentar