Videorama!

Videorama!

Det er tid for ein ny oppsummering av vekas beste nye musikkvideoar – denne gongen med blant anna James Blake, Jessie J og R.E.M.

Skrevet av:
Publisert 13:06 4 februar, 2011

Jessie J, jenta som skreiv «Party In The USA» for Miley Cyrus, begynnar å stå støtt på eigne bein. Etter suksessen med «Do It Like A Dude» kjem no andresingelen «Price Tag» (ft. B.o.B), og den gjer det allereie bra på listene i Storbritannia. Debutalbumet Who You Are vart nyleg framskunda med fire veker – ny dato for lansering er 28. februar.

(Via That Grape Juice)

Lydverket elskar James Blake, og plata er rett rundt hjørnet. Videoen til «The Wilhelm Scream» er ein stillferdig sak, som utvilsamt kler låta godt:


(Via Pitchfork)

Den kanadiske trioen Young Galaxy kjem ut med album i april, og etter singelen «We Have Everything» å dømma kan det bli ganske fint. Musikkvideoen ser du her:


(Via Pop In Stereo)

Me har fått fleire drypp frå R.E.Ms komande album Collapse Into Now, og no har også singelen »Mine Smells Like Honey» har fått sin offisielle video. Regissør er Dominic DeJooseph. Bassist Mike Mills har varsla at me kan forventa oss ei rekke utradisjonelle videoar frå den nye plata – plaster på såret for at dei ikkje vil turnera?


(Via Stern)

EstherOrkester kom ut med andreplata The harp and the fuzzy kazoo  i fjor haust. Denne veka var det premiere for musikkvideoen «Skip a beat» på Blå i Oslo. Innspelinga gjekk for seg på kulturbastionen

Og hugs å sjekka ut Rihannas siste utskeielsar her!

Del "Videorama!"
 

1 kommentar på “Videorama!”

  1. [...] This post was mentioned on Twitter by NRK Lydverket, Katja Cappelen and Kirsti Svenning, esther buchmann. esther buchmann said: EstherOrkester on NRK Lydverkets videorama of the week: http://www.nrk.no/lydverket/videorama-11/ [...]

Legg igjen en kommentar