Videopremiere: Mikhael Paskalev

Årets Urørt-vinnar tek ein Tom Cruise i videoen til «I Spy».

Skrevet av:
Publisert 11:43 5 mars, 2012

Tom Cruise i Risky Business frå 1983. Regi: Paul Brickman.

Bare bein og kvite tennissokkar – Mikhael Paskalev tek den heilt ut i sin siste video. Regissør André Chocron såg nemleg til Hollywood då Årets Urørt-låt skulle visualiserast, og resultatet er ein herleg homage til denne legendariske scena frå 1983-klassikaren Risky Business (eller Frekke forretninger, som den heitte på norsk).

Sjå videoen øvst i saken!

Forutan Chocron er det Martin Solvang (foto), Thomas Fosseli (scenograf), Ida Gulbrandsen (rekvisitør) og Nils Jacob Langvik (lyddesign) som står bak det ferdige klippet.

Les også: Mikhael Paskalev er Årets Urørt!

24 år gamle Paskalev har god medvind for tida, og samla fulle hus då han for nokre veker sidan opptrådde under by:Larm i Oslo. No ventar festivalsommaren, men før den tid kan du kikka tilbake til årets fyrste Lydverket-sending. Her kan du mellom anna sjå korleis Mikhael opplevde Urørt-finalen, og høyra han covra Neil Young saman med Jonas Alaska og Thom Hell.

Sjå Lydverket med Mikhael Paskalev, Jonas Alaska og Thom Hell her!

 

Tags: , , , , , ,

Del "Videopremiere: Mikhael Paskalev"
 

10 kommentarer på “Videopremiere: Mikhael Paskalev”

  1. Anonym sier:

    Veldig kul video. Ser at Twixtor er brukt godt her :) Er lysten på å prøve flere av disse effektene selv, blandingen av slowmo og live action er godt utført. Og pen dansing såklart.

  2. Anonym sier:

    Veldig kul video. Ser at Twixtor er brukt godt her :) Er lysten på å prøve flere av disse effektene selv, blandingen av slowmo og live action er godt utført. Og pen dansing såklart.

  3. idacc sier:

    01:12, hahaha!!!
    Fantastisk video!

  4. camilla hole sier:

    nok ei inspirasjonskjelde til oss som ikkje likar Zumba! Herleg!

  5. Maria sier:

    wow! den kom uventa… men eg e imponert! <3 fantastisk :3 ahhah

  6. stine0207 sier:

    Det er så genialt!
    Elsker «slo- mo»- bruken, og self hovedpersonen selv!!!!  =D  

  7. PENIS  (fikk litt fokus der av en eller annen grunn, men det er greit)

  8. [...] Les også: Paskalev tar en Tom Cruise [...]

  9. [...] ord at jeg blir overveldet. For meg så var dette helt topp og det kan bety ganske mye. Les også: Paskalev tar en Tom Cruise href="http://p3.no/urortfront/files/2012/06/6789767425_d0c7a77c6b_b.jpg"&gt; Britiske The Guardian [...]

Legg igjen en kommentar