The Go! Team. Foto: Promo

The Go! Team. Foto: Promo

Videomaraton med The Go! Team

Lydverket serverer ein eksklusiv porsjon av The Go! Team – seks rykande ferske videoar venter deg!

Skrevet av:
Publisert 15:42 27 januar, 2011

Brightonbandet har med sine to fyrste album servert fansen ein eksplosiv sjangerblanding, og det kan sjå ut som om tredjeplata Rolling Blackouts, som kjem ut 31. januar, følger opp i same festfylte spor. I tillegg til dei seks faste medlemmane har mellom anna Satomi Matsuzaki frå Deerhoof og Best Coasts Bethany Cosentino bidratt, høvesvis på spora «Secretary Song» og «Buy Nothing Day».

Lydverket har slått kloa i ikkje berre éin, eller to, av det komande albumets musikkvidoar, men seks. Visuelt materiale nok til å metta sjølv den mest utsvelta sjel – og ein betydeleg bit av den nye plata i samme slengen.

Regissør for alt saman er James Slater, gamal venn av The Go! Teams Ian Parton. Saman ville dei bygga opp ein estetikk som kunne gå hand i hand med musikken, på ein meir gjennomført måte enn det som er vanleg i enkeltståande videoar. Dei seks videoane vart filma ulike stader rundt omkring i verda - nevnte «Secretary Song» er til dømes gjort i Tokyo, medan «Buy Nothing Day» vart filma i California.

Klar? Let’s go! 

«Ready To Go Steady»:

«Secretary Song»:

«Rolling Blackouts»:

«Tornado»:

«Buy Nothing Day»:

«Supertriangle»:

Tags: , , , ,

Del "Videomaraton med The Go! Team"

Legg igjen en kommentar