Lars Vaular. Bilete: Promo.

Lars Vaular. Bilete: Promo.

Videobonanza!

Blodfersk Lars Vaular-video, Joan as a Police Woman forelskar seg i varulv og Beastie Boys som actionfigurar: Her er musikkvideo-nytt.

Skrevet av:
Publisert 11:26 22 juli, 2011

Lørdag 9. juli slapp Lars Vaular sin nye 7-tommars vinyl med låtane «Blås» og «Hjertet Dunker» på Trænafestivalen. Det vart sagt at Vaular og NMG/G-Huset skapte episk atmosfære. Låtane er førebels berre tilgjengelege på vinyl. No kan du både høyre og sjå den eine havldelen av utgivinga på musikkvideosnutten satt saman av NMG/G-Husets inhouse-supermann på film, Andrew Amorin (som også spiller trommer i John Olav Nilsen & Gjengen).

Lars Vaular – BLÅS

Joan Wasser, eller Joan As Police Woman har allereie spelt saman med Lou Reed, Anthony & the Johnsons og Elton John. Heilt siden debutalbumet som kom i 2006, Real Life, har det meste av musikken vore prega av triste og vonde songar. Det er ei kjend sak at Joan Wasser var kjærast med Jeff Buckley når han døydde, og ho opplevde også å miste mora før andrealbumet, To Survive blei sleppt. Det er derfor gledeleg at Wasser med sitt nye album, The Deep Field, er lystigare for øyra. I videoen er ho på rømmen frå eit jentelag i fotball, saman med ein varulv(!) som eg trur ho likar godt.

Joan as a Police Woman – Chemmie

London duoen Retro/Grade har laga ein remix av Maxxi Soundystem sin «Mindfighter», som du kan få sjå videoen til her. Denne EPne er den første av tre som blir gjeve ut i år. Til saman blir desse tre til debutalbumet Motion. Sjekk ut den futuristiske videoen her.


«Monster» er Paramore sin tredje song sidan bandmedelemmene Josh Farro og Zac Farro forlot bandet. Det kan virke som om deira fravær berre har trigga frontdame, Hayley Williams, og at songen handlar om eit band som berre dundrar vidare sjølv om det har fått seg ein brist. «Monster» er også å finne på soundtracket til Transformers: Dark of the Moon . Handlinga er lagt til eit forlatt sjukehus der bandmedlemmene spring gjennom korridorar som eksploderar tak som kollapsar, litt apokalyptiske undertonar her altså.

Beasty Boys sin nye musikkvideo til songen » Don’t Play No Game That I Can’t Win» er god underhaldning. Den er regissert av Spike Jonze og me møter actionfigur-versjonar av bandmedlemmene saman med «special guest» som Santigold. Saman sloss dei mot anti-Beasty Boys leiemordarar, også spelt av actionfigurar, i den episke kampen til døden. Her har me eksplosjonar, snøkrigsscenar og zombiar. Dukker har aldri vært så underhaldande.

Debutalbumet til Washed Out har så longt fått ein varm velkomst av bloggarar og kritikarar rundt omkring. Her er første videoen til sangen «Eyes be Closed». Det kan virke som om Washed Out har bestemt seg for å gjere det enkelt. Dame på motorsykkel med tøffe solbriller.

Washed Out – Eyes be Closed

Danielle Johnson har ei greie for å utforske rommet og alien-teme. I hennar forrige video «The End Of Time», vandra ho rundt i New Yorks gater utkledd som romfarar, og i denne siste videoen handlar det om å bli bortført av romvesener.»‘Running» er fra hennar fjerde EP, Electronic Fences.

Computer Magic – Running

Den nye videoen til Hooray for Earth av regissørane David Parker og Cole Schreiber er mørk og kryptisk. Ei kvinne, spelt av Madeline Zima, tek seg ein lengre løpetur i trusa for å grave fram ein mystisk boks. Det er sikkert rom for mange tolkningar av denne om du vil begje deg ut på det.

Hooray for Earth – Sails

Tags: , , , , ,

Del "Videobonanza!"

Legg igjen en kommentar