Vi elsker porno i musikkvideoer
Gårsdagens Elsk eller Hat-debatt endte på en elsk. På tross av at folket hater, og Mia og Andreas ikke har særlig sans for Rammstein. Følelser ble satt i sving da det i går skulle tas stilling til om man elsker eller hater porno i musikkvideoer, med utgangspunkt i Rammsteins hardpornovideo til låten «Pussy». I panelet […]
Gårsdagens Elsk eller Hat-debatt endte på en elsk. På tross av at folket hater, og Mia og Andreas ikke har særlig sans for Rammstein.
Følelser ble satt i sving da det i går skulle tas stilling til om man elsker eller hater porno i musikkvideoer, med utgangspunkt i Rammsteins hardpornovideo til låten «Pussy».
I panelet satt den tidligere håndspilleren og rockentusiasten Mia Hundvin, Lydverkets nettsjef Andreas Øverland, og som orakel stilte selvfølgelig pornoregissør og -skuespiller og nå singelaktuelle Caroline «Strippeline» Andersen.
Hør debatten her:
eeh
I etterkant har reaksjonene ikke latt vente på seg. Blant annet fra det norske Rammstein-coverbandet Rammsund, som evaluerer debatten i denne, eh, pressemeldinga?
Rammstein-video skapar debatt
Lydverket på NRK P3 hadde tysdag ein debatt om musikkvideoen ”Pussy” til Rammstein. Både forkjemparar og motstandarar missa poenget.
Av Geir Gråbein Nordby (vokalist i Rammsund)
- Ja eller nei til porno i musikkvideoar?
- Kan det verte drygare no, eller er dette maks av kor langt ein kan ta det?
- Dette er ikkje ein musikkvideo, det er porno med musikk.
- Videoen er jo smakfullt laga.
- Dette er forkasteleg. Laga berre for å provosere.
Jau. Rammstein har laga ein musikkvideo berre for å provosere. Men er det ikkje det som får eit samfunn vidare? Mennesket treng å verte provosert for å stoppe opp og tenkje. ”Skal kvinner verkeleg få stemmerett? Nei, dei skal vere heime og ha steikjepanna varm til mannen kjem heim frå jakt.” ”Homofili? Skal homsar verkeleg ha rettigheitar? Homofili, som ikkje berre er unaturleg, men direkte ugudeleg!” ”Kva er det han seier!? Jorda er rund? Hogg hovudet av han!”
Og no er det altså pornografi som er det store tabuet.
Pornografi er ikkje berre bra. Det er direkte naudsynt! Me treng porno for å trivialisere sexakta ned til kva det eigentleg er: sex. To personar med gjensidig einigheit i å utføre ei handling som gir ein tilfredsstillande rus. Enkelt og greitt.
Rammstein syng: ”You’ve got a pussy. I’ve got a dick. So, what’s the problem?” Programleiaren i Juntafil på P3 meinte. ”Prøv å si det til ei jente som har blitt daterape’a.” Det skal liksom punktere saka. Argument ferdig, diskusjonen er daud. Typisk at nokon tek den mest ekstreme konsekvensen for å understreke eit argument. Då meinar eg at romantiske komediefilmar burde vere forbode, då dei kan få ein til å tru at det faktisk er ein god idé å laupe inn i kyrkja og stoppe eit bryllaup, av di vedkommande meinar at brura eller brudgommen eigentleg elskar han eller ho framfor personen ved alteret. Dét er kva eg kallar skadeleg!
Den einaste grunnen til at sex vert sett på som noko farleg eller i det beste fallet ytst flaut, er at nokre folk med politisk innflytelse for fleire tusen år sidan har vedteke at det er sånn. Og gjerne med religion og gudelegdom som verkemiddel.
Ein skulle tru at samfunnet i dag var nemneverdig utvikla sidan 2000 år sidan. I kvart fall her i Vesten. Det einaste forspranget me har på steinalderverda i aust er likevel at kvinner får gå med håret laust, og me steinar ikkje kvarandre for å vere trulaus mot sin neste. Me er framleis mykje redd for erigerte kjønnsorgan, me trur at dei som går til kyrkja og ber har større sjans for eit godt liv, me synest det er logisk å bruke over hundre millionar kroner i året på å ha ein symbolsk kongefamilie som opnar tunnelar og vinkar til folket, og me trur at politikarane veit kva som er best for oss.
Så lenge me ikkje godtek porno som ein kunstform eller som underhaldning, og så lenge me synest det er feil å provosere berre for å provosere, er me rett og slett eit primitivt og underutvikla folk. Eg vonar at musikkvideoen ”Pussy” skapar masse debatt, og at nokon ser saka frå eit logisk ståpunkt: Sex er godt. Sex er ikkje farleg. Sex skal ikkje vere flaut. Porno er bra.
Skal virkelig dette blir siste ord i saken?
Tags: andreas øverland, caroline andersen, Elsk eller hat, Lydverket, P3, Porno, Pussy, Rammstein, strippeline
Mer porno? Swollen Members prøver seg: http://www.kingsize.no/Videos.aspx?ArtNo=14014
[...] Vi elsker porno i musikkvideoer [...]