Venneforespørsel fra Reznor
Trent Reznor legg ut delar av soundtracket til den kommande Facebook-filmen på nett.
Neste månad har den mykje omtalte filmen The Social Network premiere på norske kinoar. Soundtracket er produsert av Nine Inch Nails-mann Trent Reznor, saman med Atticus Ross, og no har du sjansen til å laste ned fem spor frå albumet – heilt gratis. Alt du må gjera er å gå inn på denne sida og gje frå deg epost-adressa di (og sikkert motta massiv Reznor-spam i tida framover).
Utifrå dei fyrste musikalske smakebitane å dømme er det ein mørk og følelsesladd sti Facebook-gründer Mark Zuckerberg har måtte vandra på veg mot å bli historias yngste milliardær. Reznor seier sjølv i ein melding til fansen at han har fokusert på å finne den rette emosjonelle tonen til dei ulike scenene i filmen, og at resultatet er elektronisk, men samtidig organisk.
Norsk premiere på The Social Network er satt til 22. oktober, tre veker etter at den fyrst vert vist i USA. Inntil då må du nøya deg med det nest beste: Surfa på Facebook med Trent Reznor på øyrene.
Tags: facebook, Nine Inch Nails, soundtrack, Trent Reznor
«…og sikkert motta massiv Reznor-spam i tida framover.»
Har lasta ned de siste skivene til Nine Inch Nails og hans siste prosjekt How To Destroy Angels på denne måten og aldri mottatt en eneste mail i ettertid… Trent Reznor skuffer aldri.
Film om Facebook med bl.a. musikk av Trent Reznor? Ja takk!
Traileren ser lovende ut; morsom verson av Radiohead’s Creep.
Jeg har forøvrig også lastet ned flere album av Nine Inch Nails fra deres side,
og har ikke fått noen uønskede henvendelser derifra, bare masse god musikk.