Bigbang på Storåsfestivalen 2009. Foto: Marius Hjeldnes, NRK P3

Bigbang på Storåsfestivalen 2009. Foto: Marius Hjeldnes, NRK P3

Bigbang - Epic Scrap Metal

Ut av skrapet

Amerikaopphald og skilsmisse til trass: Bigbang kjennes akkurat passe trygge på seg sjølve på sitt siste album.

Skrevet av:
Publisert 8:00 7 mars, 2011

I samband med utdelinga av årets Statoil-stipend, som er meint å fremja norsk musikkeksport, skisserte juryformann Knut Schreiner det han såg på som føresetnadar for norske bands suksess i utlandet. Eitt av punkta han trekte fram, var dyrkinga av eit særare musikalsk uttrykk, på sida av mainstreamen. Eit anna var å i mindre grad enn det engelskespråklege artistar kan tillate seg å fokusera på det tekstlege innhaldet i låtane.

I arbeidet med sitt siste studioalbum verkar det på ingen måte som Øystein Greni og resten av Bigbang har tenkt i liknande baner, sjølv om dei i dei siste åra i stor grad har konsentrert seg om den amerikanske marknaden. Epic Scrap Metal er blitt ei lyttevennleg og sterkt amerikainspirert plate, med Grenis tekstunivers i sentral posisjon. Lytta til frå ein norsk ståstad er det heldigvis inga grunn til å klage.

Etter instrumentalintroen «How things rot» slår andresporet «Everybody And Their Broken Hearts» an tonen for resten av plata - i alle fall innhaldsmessig. Greni har ikkje lagt skjul på at ein vanskeleg periode i privatlivet har danna bakteppet til låtskrivingsprosessen til Epic Scrap Metal, men med tekstlinjer som «Messing up in love everyone should do / And then we get better at it» og «But I´m coming back againg /Almost healed ironed and smooth» førebur Greni lyttaren på det som istaden for å vere ei introvert sjølvransaking av ei plate, er ei feiring både av Bigbangs musikalske førebilete, og av deira eigne røtter som band.

Se Lydverkets ferske intervju med Øystein Greni:

Det er ikkje til å kome utanom at USA-opphaldet har satt djupe spor i Bigbang, og Epic Scrap Metal er full av klare nikk i retning 1970-talets rockescene. Her er både solstrålene og støvet frå Los Angeles sine gater teke med, med eit svært dynamisk album som resultat. Frå den neddempa «Cities Of The Plain», som sender tankane heilt tilbake til dei fyrste Bigbang-albuma, til nabosporet «Kill My Buzz», der Thomas Seltzer har satt eit umiskjenneleg preg, til det storslagne tittelsporet som avsluttar det heile – Bigbang viser akkurat kor langt dei kan tøya seg som band, utan at det kjennes som om dei nokon gong går på kompromiss med seg sjølve.

Det er denne tryggleiken på seg sjølv som gjer at Epic Scrap Metal er blitt eit såpass vellukka album, og som gjer at det kjennes så godt å vera tilbake i deira musikalske famn.

Tags: , , ,

Del "Ut av skrapet"
 

7 kommentarer på “Ut av skrapet”

  1. børge sier:

    Jeg veit ikke helt… Jeg ønsker virkelig å vrikke på dansefoten i god gammal Bigbang-stil, men føler at det er noe essensielt som har blitt borte fra Grenis musikkunivers. Jeg trur det kan ligge i vokalen. At den fremstår litt slapp eller monoton, kanskje. Fram til Frontside Rock’n’ roll lå det et potensielt stagedive i hver verselinje(med unntaket Waxed, som for meg fremstår anonymt). Alt var så utrolig potent.

    Eller kanskje det er jeg som er blitt eldre?

  2. I sier:

    Jeg må si meg enig i det du sier. Det er noe annerledes over Epic Scrap Metal som jeg ikke helt greier å sette fingeren på. Litt monotont, kanskje. Det var ikke mange av låtene som fikk det til å rykke i foten. Likevel er det er bra album, det er bare ikke et av BigBangs beste.

    • Håvard sier:

      Helt enig med monotont! Tamt og monotont. Kan ikke helt se hvordan dette er en 5′er plate, men så er ikke jeg musikkanmelder heller..
      Dette var ihvertfall vårens skuffelse for min del!

  3. Herman sier:

    Albumet er meget bra, annerledes, men fullblods Bigbang. Kopiering av tidligere utgivelser er sjelden god resept. Dette er helt klart et stilvridning jeg kan leve med. Enig med femmer`n

    • Vegard sier:

      Heller enig med Herman enn folka over. Beste Bigbang plata sidan «radio radio tv sleep» etter mi meining. Ikkje at «poetic terrorism» eller «to much yang» var dårlige plater, men denne er enda bedre. Rett og slett eit heilt fantastisk album.

  4. [...] Les også: Lydverkets anmeldelse av Epic Scrap Metal [...]

  5. [...] Se også: Øystein Greni i studioet hjemme i California [...]

Legg igjen en kommentar