Death By Unga Bunga. Foto: Sissel Nystad

Death By Unga Bunga. Foto: Sissel Nystad

Death By Unga Bunga - The Kids Are Up To No Good

Unga no til dags

Det skortar ikkje på sjarmen på Death By Unga Bungas andrealbum, men litt på substansen.

Skrevet av:
Publisert 18:00 19 mars, 2012

Cover, The Kids Are Up To No Good.

Med fem par spisse boots planta i Moss’ meir eller mindre stolte garasjerockmiljø, og ei platesamlinga alfabetisert frå 13th Floor Elevator til The Yardbirds, kjem Death By Unga Bunga no med sin andre fullengdar. The Kids Are Up To No Good er ei humørfylt og usjenert kjærleikserklæring til amerikansk og britisk 1960-talsrock – og ikkje minst sjangerens meir eksperimentelle arvtakarar på 1970- og 1980-talet – som raskt manar fram mentale bilete av stramme gitarreimar, tunge hårfrisyrar og fillete Brian Jones-plakatar på guteromsveggen. Det er likevel mogleg at albumet hadde vore tent med ei litt mindre ærbødig innstilling til sine musikalske førebilete.

Ein er ikkje langt inne i The Kids Are Up To No Good før ein byrjar å danna seg eit klart bilete av kor det heile ber av stad. Ein låt som»Jenny» introduserer den naive retropopen, «Violent Femmes» hentar fram surfelementa, medan ein i «The Kids Are All Right» høyrer ekkoet frå bølgja av rockeband som slo gjennom på byrjinga av vårt eige tusenår. Det er ei jamnt over sterk oppstilling av låtsnekkeri, som ikkje minst viser fram korleis bandet greier å ivareta ein variert dynamikk, samstundes som dei held seg på trygg avstand frå dei farlege ytterpunkta «sidrumpa» og «frenetisk».

«Jenny»:

Med seg på produsentsida har bandet fått Sjur Lyseid, seinast aktuell med sitt andre alybum som The  Little Hands Of Asphalt. Lydbiletet er – kanskje ikkje så overraskande – lagt opp etter ein knitrande analog mal, som knapt nok legg skjul på at den ynskjer å få deg til å føretrekkja LP-versjonen av albumet.

Hovudinnvendinga mot albumet er at den strengt bakovervendte haldninga stundom gjer det vanskeleg å tilleggja musikken noko som helst tyngde. Den opprørske auraen som ein gong hefta ved bandets musikalske førebilete, har sjølvsagt fordampa for lenge sidan, og The Kids Are Up To No Good framstår fyrst og fremst som fullstendig ufarleg moro – og det uavhengig av det latterleg høge talet på referansar til fyll og dop.

Der band som The Cramps og The Mummies’ styrke låg i å tilføra sine inspirasjonskjelder frå 1960-talet ein klar samtidig brodd, bevegar Death By Unga Bunga innimellom litt for nære sjangerpastisj-grensa – med låtar som»Feel Alright» og «Mary Jane» som eit par døme. Det er på inga måte dårleg handverk, men det hadde vore interessant om forsøka på å kopla for- og notid hadde vore av meir heilhjarta natur.

Ikkje minst tekstane lir under denne problemstillinga. Kriteria her verkar å vera at det rimar sånn nokonlunde, og at det på inga måter avslører at me no lever i eit moderne, norsk samfunn (der svært få jenter heiter Mary Jane). Tekstlinjer som «Cause I love you girl / yeah I love you girl / if you leave me for another / I’d be the saddest man in the world» er kanskje sjarmerande på sitt vis – men dei er unekteleg ganske tullete uansett.

Death By Unga Bunga har openbart musikalsk overskot, og er, om ryktene stemmer, eit skikkeleg godt liveband. Nokre sperringar ligg likevel i vegen for å oppleva The Kids Are Up To No Good som eit særskild substansielt album.

Maria Horvei

Tags: , ,

Del "Unga no til dags"
 

3 kommentarer på “Unga no til dags”

  1. [...] Bait and Switch Medstrøms magi Sameblod – Loud Death By Unga Bunga – Be Like You Unga no til dags Lee Ranaldo – Shouts Free Energy – Electric Fever Årabrot – Madonna Was A Whore [...]

  2. Flotte gutter å se, vakker musikk å høre! Veldig bra live på Gramo Underwood!  Tusen takk =)

Legg igjen en kommentar