Danske Efterklang er ikkje spesielt glade for si kommersielle slagside (Foto: Efterklang.net/ Nikolaj Holm Møller)

Danske Efterklang er ikkje spesielt glade for si kommersielle slagside (Foto: Efterklang.net/ Nikolaj Holm Møller)

Ufrivillig reklame

Sigur Rós og Efterklang seier nei å bli brukt som reklamesoundtrack. Det er ikkje alltid nok.

Skrevet av:
Publisert 14:00 29 september, 2010

Å bruka poplåtar som bakgrunnsmateriale i reklamefilmar er eit kjent grep. Dei fleste hugsar Sony sin «ballreklame» med José González sin versjon av The Knife-låta «Heartbeats» som soundtrack, eller Kvikk Lunsj-reklamen med Peter & The Wolf sin «Safe Travels». Marina & The Diamonds har lånt vekk «I Am Not A Robot» til klesmerket Lindex sin reklamekampanje. Redaksjonens personelege favorittar er likevel dei med dyr involvert: Cadbury sin gorillareklame, med «In The Air Tonight» av Phil Collins, og Kia sine hiphophamstrar, med Black Sheep sin «The Choice Is Yours».

Sjølv om det gjerne bidrar til eit kommersielt løft for artistane som vert brukt, er det ikkje alle som er like interesserte i å selga seg på den måten. Både islandske Sigur Rós og danske Efterklang er ettertrakta i reklameverden, men ingen av banda har noko ynskje om å bli brukt i kommersiell samanheng. På heimesidene sine fortel dei no om korleis reklamefolka på ikkje nødvendigvis let seg stoppa av bandas avslag.

For sjølv om det ikkje er orginalmateriale som vert brukt, liknar det ofte veldig. Efterklang er til dømes nokså opprørte over denne brasilianske reklamen:

Den er nemleg mistenkeleg lik deira «Modern Drift»:

Sigur Rós trekk fram reklamar som denne:

Og den er jo ikkje heilt ulik  «Svefn-G-Englar»:

Tjuveri eller ikkje? Noko nytt fenomen er det i alle fall ikkje. På 80-talet var såkalla «soundalikes» svært ettertrakta i reklameindustrien, når ein enten ikkje hadde råd eller lov til å bruka kjente orginallåtar. Chrysler fekk for eksempel countrysongaren Kenny Rogers til å spela inn songen «Born In America» etter at Bruce Springsteen hadde nekta å la dei bruka «Born In The USA», og i 1985 vart Ford saksøkt av Bette Midler etter at dei hadde fått ei av kordamene hennar til å etterligna Midlers versjon av «Do You Wanna Dance».

Etter fleire søksmål skal det ha blitt vanskelegare å bruka soundalikes i reklamekampanjar, men praksisen er langt frå gravlagd. Til fortvilelse for mange artistar.

Tags: , , , , , , ,

Del "Ufrivillig reklame"
 

1 kommentar på “Ufrivillig reklame”

  1. [...] Les også: Ufrivillig reklame [...]

Legg igjen en kommentar