Gigantmøte i liten skala

Gigantmøte i liten skala

To band mange har eit hat/elsk-forhold til slo seg saman for ein kort opptreden i helga: U2 og Muse.

Skrevet av:
Publisert 16:17 18 april, 2011

«Klubbkonsert» er vel ikkje det fyrste ordet som dukkar opp i ein samtale om verken U2 eller Muse, men representantar frå begge banda sto altså saman på scena på Bar Secreto i Sao Paulo i helga. Irane er i ferd med å avslutta den søramerikanske delen av sin verdsturné, men konserten laurdags kveld var ikkje annonsert. Dei fekk hjelp frå Muse-trommis Dom Howard på ein coverversjon av Talking Heads sin «Psycho Killer». Sjå under for ein (noko ustødig) dokumentasjon:

U2 er å finne øvst på plakaten til årets Glastonbury-festival, medan Muse headliner Reading og Leeds-festivalen i same land. Sistnevntes frontmann Matt Bellamy har tidlegare sagt at dei på denne konserten kjem til å spele heile andrealbumet Origins Of Symmetry - kanskje for siste gong.

Tags: , , , , ,

Del "Gigantmøte i liten skala"
 

1 kommentar på “Gigantmøte i liten skala”

  1. Nico sier:

    Grunnen til dette er jo at Muse har vært med som oppvarmingsband for U2 på en god del av deres konserter på den siste turnéen. The Edge spilte jo med Muse på Glastonbury i fjor sommer da de headlinet festivalen.

Legg igjen en kommentar