Usher på scena i Tallahasssee-Leon County Civic center i 2004. Foto: NTB Scanpix/Reuters, Mark Wallheiser.

Usher på scena i Tallahasssee-Leon County Civic center i 2004. Foto: NTB Scanpix/Reuters, Mark Wallheiser.

Tvinga innsette til å dansa til Usher

Ein fengselsbetjent frå Ohio fekk nyleg sparken for å ha beordra fem fangar til å dansa til tonane av Ushers «Yeah!».

Skrevet av:
Publisert 10:46 10 mai, 2012

Som om det å sitta i fengsel ikkje var hardt nok i seg sjølv, vart eit heilt nytt straffesystem nyleg avdekka i Summit County Jail i den amerikanske delstaten Ohio. Ifølgje Huffington Post beordra fengselsbetjent Dominic Martucci her førre månad fem innsette til å dansa til «Yeah!», R&B-artisten Ushers megahit frå 2007, i bytte mot visse privilegium.

Det heile skal ha byrja med at Martucci drog ut støpselet til ein mikrobølgjeomn på avdelinga, etter at nokre av dei innsette ikkje gjekk tilbake til cellene sine til rett tid. Ifølgje ein intern rapport frå fengselet, gav han så beskjed om at om dei ville ha omnen tilbake, måtte dei gjera ein «bump ‘n grind» for han.

Fleire andre tilsette var vitne til den påfølgjande danseførestillinga, sjølv om det er uklart kor lenge den varte – nokre av dei tilsette seier at det berre varte nokre sekund, medan fleire innsette hevdar det var snakk om fleire minutt. Éin innsett melder i alle høve om å ha måtte gjort «the worm», ein annan seiar han måtte ta robotdansen.

«Yeah!»:

Hendinga vart seinare meldt inn av ein innsett, og Martucci er no sparka frå stillinga. Områdets sheriff-kontor er i gang med å granska saka, og seier at dei ser svært alvorleg på slike teikn på mangel på respekt og human behandling av fangar.

Etterforskarar seier at Martucci angrar på opptrinnet, men hevdar at det ikkje var planlagt eller i vond meining. Han ynskja berre å «letta på spenninga» i fengselet.

Tags: , , , , ,

Del "Tvinga innsette til å dansa til Usher"

Legg igjen en kommentar