Björk. Foto: Promo

Björk. Foto: Promo

Til deg som ikkje kan vente

Bjørk hentar inspirasjon frå tidlegare utgjevingar, Radiohead blir remixa og James Blake skal følgje opp meisterdebuten sin. No kan du høyre kva du har i vente.

Skrevet av:
Publisert 16:20 4 juli, 2011

For nokre veker sidan slapp Bjørk ein filmsnutt av seg sjølv der ho køyrer bil gjennom Island. På bilstereoen kan ein høyre førstesingelen frå Biosphilia, ”Crystalline”.

björk: road to crystalline from Björk on Vimeo.

Albumet skal vere mykje meir enn berre musikk. Sjølv om Bjørk skal gå tilbake til sine musikalske røter, er prosjektet også framsynt. Bjørk lovar et multi-mediaprosjekt. I tillegg til albumet med ti spor, høyrer det med ein mobilapplikasjon for kvar song. Kvar applikasjon er eit interaktivt spel der lyttaren kan manipulere og modulere songane på forskjellig vis. I tillegg vart det laga ein 90 minuttars dokumentar om produksjonen. Mykje moro for gamle og nye fans. Ryktet seier albumet skal sleppast 26. september.

Björk – «Crystalline»

Radiohead slepp i desse dagar 12 tommarar i begrensa opplag med remixar frå deira siste album, “The Kings of Limbs”. Den første dei slepp er Caribous remix av ”Little by Little” og «Lotus Flower» remixa av Jacques Greene . Høyr songane her:

Øya-klare James Blake er godt i gong med nytt album. Det er sjølvsagt knytt store forventningar til Londonguten som tok pusten frå kritikarane med det sjølvtitulerte albumet tidlegare i år. 11. juli blir singlane «Order» og «Pan» sleppte, men om du ikkje kan vente, kan du høyre songane her allereie no.

Washed Out er scenenamnet til musikaren Ernest Greene. Då Greene flytta tilbake til forstaden Perry I Georgia I 2009, tok han til å mekke musikk på soverom-studioet sitt og vart etter kvart plukka opp av fleire musikkbloggarar med innflytelse. Musikken går under sjangeren chillwave og han seier sjølv at han blir inspirert av hip hop når han skriv musikk. Debutalbumet ”Within and Without” kjem ut 12. juli. Du kan likevel sniklytte til albumet her.

Tags: , , ,

Del "Til deg som ikkje kan vente"
 

4 kommentarer på “Til deg som ikkje kan vente”

  1. freddy sier:

    sangen som spilles på videoen er IKKE Crystalline.

  2. Stein-Torgeir sier:

    Sex, sex, SEX!! Jeg blir gal!!!

  3. [...] også: Til deg som ikkje kan vente De ubrukelige appene I appen til "Crystalline" kan du få låta som et spill der du skal [...]

Legg igjen en kommentar