The Stooges-gitarist funnet død
«As a musician Ron was The Guitar God, idol to follow and inspire others. That is how he will be remembered by people who had a great pleasure to work with him, learn from him and share good and bad times with him». Slik lyder herrens ord. Eller herrane; Iggy Pop, Scott Asheton, Mike Watt […]
«As a musician Ron was The Guitar God, idol to follow and inspire others. That is how he will be remembered by people who had a great pleasure to work with him, learn from him and share good and bad times with him». Slik lyder herrens ord. Eller herrane; Iggy Pop, Scott Asheton, Mike Watt og resten av crewet, som Ron Asheton spelte og jobba saman med i Iggy and The Stooges.
Ron blei berre 60 år gammal, då han blei funnet død i leiligheta si i går, og skal ifølge politiet ha ligget død i fleire dagar før han blei funnet. Men det er ingen mistankar om at det ligg noko kriminelt bak dødsfallet.
The Stooges blei danna i 1967 av vokalist Jim Osterberg (Iggy Pop), bassist Dave Alexander og brødrene Ron (gitar) og Scott Asheton (trommer). I starten spelte bandet eksperiemtntell avantgarde-rock, mykje fordi dei ikkje hadde egne låtar. Men tidlege låtar som «I Wanna Be Your Dog», «No Fun» og «1969″ er grunnsteinen for det vi idag kallar for punk.
Iggy Pop er gjerne kjent som punkens gudfar, men det er vanskelig å forestille seg punken utan band og gitaristar, og Ron Ashetons plass i musikkhistorien er minst like viktig som Iggy Pop sin.
Tags: dave alexander, død, dødsfall, helt, iggy and the stooges, Iggy Pop, Jim Osterberg, Musikk, punk, ron asheton, scott asheton, The Stooges